Frå møtet i formannskapet 2. april. På talarstolen; Nils Kåre Skoge (H).Formannskapet var samla til møte tysdag. I tilrådinga til kommunestyret heiter det at utvala skal haldast fortløpande orientert om utviklinga i dei ulike delprosjekta. Det totale omstillingsbehovet med innsparingskrav skal vedtakast av kommunestyret og innarbeidast i økonomiplanen 2025-2028.
I drøftinga i formannskapet vart det signalisert at det kan koma endringsframlegg når kommunestyremøtet behandlar saka torsdag 4. april.
I saka viser kommunedirektøren til at investeringsbehova til kommunen er vesentleg høgare enn det investeringsramma per i dag kan handtera. Det inneber at det framover på arbeidast med tiltak for å redusera investeringsbehova og å skapa eit større økonomisk handlingsrom.
I saka er det også gjort greie for korleis administrasjonen skal organisera og strukturera omstillings- og effektiviseringsarbeidet. Dette vil gå føre seg på tvers av kommunalsjefområda og omfatta driftstilpassing administrasjon, driftstilpassing Oppvekst, Framtidssamfunnet, vidareutvikling Kultur og samfunn, kompetanse og bemanningssenter og omstilling Helse og velferd.
I saka understrekar kommunedirektøren at god kommunikasjon både internt og eksternt vert ein viktig faktor for å lukkast med omstillingsarbeidet. Dette må mellom anna gjerast i tett dialog med tillitsvalde og vernetenesta.
I økonomiplan 2024-2028 , som har overskrifta «Tid for omstilling», er det vist til ein økonomisk effekt av omstillingsarbeidet på 62 millionar kroner i 2024, 85 millionar kroner i 2025, 112 millionar kroner i 2026 og 124 millionar kroner i 2027.
Kommunestyret behandlar saka komande torsdag 4. april.
Her er innkalling med saksdokument.
Her kan du sjå opptak frå møtet (kommune-TV).
Tekst og foto: Vigleik Brekke