To lærarar på Ågotnes skule er nominert til Årets lærar

Klasse 5a og 5b på Ågotnes skulle feira ein 50-årsdag. Men det vart noko heilt anna enn det lærarane og elevane hadde aning om.

Åse Hellevik Samuelsson og Anja Solveig Drivenes Høyland jublar saman med elevane for nominasjonen. - Klikk for stort bileteÅse Hellevik Samuelsson og Anja Solveig Drivenes Høyland jublar saman med elevane for nominasjonen.

Rektor Tore Foldnes opna døra til klasserommet og presenterte bokstaveleg talt ein supernyheit.

- Hei alle saman. Eg har ei ny overrasking. Det er at Åse og Anja er nominert i NRK Super si kåring av Årets lærar, sa rektoren til full jubel.

Åse Hellevik Samuelsson og Anja Solveig Drivenes Høyland fekk altså ein bodskap som gjorde dei nesten stumme.

- Er det NRK på ordentleg liksom, sa Anja Solveig Drivenes Høyland i reportasjen på NRK Supernytt.

- Det er den beste dagen i vårt liv, sa Åse.

Elevane er samstemte om at desse to lærarane fortener å gå heilt til topps.

- Dei fortener det. Dei er veldig omsorgsfulle, seier Noah.

- Dei forklarar tinga veldig godt, sa Magnus.

- Dei bryr seg om oss og løner oss når vi gjer det godt, sa Teodor, og ifølgje Mateo Nikolai får elevane løn for strevet og gjerne spela fotball eller gjera noko anna gøy etter god innsats i klassen.

Vinnaren vert kåra 1. juni. Dei to lærarane på Ågotnes skule skal då konkurrera med to andre lærarar om å verta Årets lærar(ar).


Tekst: Vigleik Brekke

Foto: Skjermdump NRK