To månader igjen til Yrkesmessa 2025
Tysdag 14. januar vert alle 10. klassingane i Øygarden inviterte til Yrkesmessa i Sotra Arena. Dette er ein viktig møteplass for dei som treng gode råd og tips om utdannings- og yrkesval.
- Merk deg denne datoen, seier leiar av magasinkomiteen, Astrid Aag.
Astrid Aag ( i midten) ber elevar, foreldre og utstillarar om å setja av 14. januar til Yrkesmessa.Kva skal eg gjera når eg er ferdig med 10. klasse? Det er det nok mange som lurer på. Allereie no kan det vera lurt å undersøkja litt nærare kva tilbod som finst. Mellom anna bør ein vera merksam på at på vidaregåande trinn kan ein både velja yrkesfag og studiespesialiserande. Her er mange moglegheiter.
Kvart åt gjev Sotra Rotary Klubb ut magasinet Jobb & Utdanning som skulane nyttar som eit hjelpemiddel og supplement når det gjev elevane yrkesrettleiing.
- Vi i Sotra Rotary Klubb er stolte av igjen å laga eit magasin til inspirasjon for ungdomsskuleelevane som skal ta eit viktig yrkesval. Det er også mykje godt stoff i tidlegare magasin som er gjevne ut, seier Astrid Aag.
Frå Yrkesmessa i januar 2024.De siste 12 årgangane ligger lett tilgjengelege på nettet. Her er lenkje til alle årgangane.
Her kan du finna gode råd og tips om utdannings- og yrkesval. Fleire av artiklane omhandlar skular, elevar og yrkesaktive fra Øygarden. Det er også ei eiga spalte «Kva gjer dei no?» i nokre av magasina. Der fortel elevar kva dei har gjort sidan sist når det gjeld utdannings- og yrkesval.
Det er ikkje lett å finna fram på nettet. Difor har Rotay prøvd å samla mykje relevant stoff på eín stad.
- Hugs å setja av datoen 14. januar til Yrkesmessa. Der ønskjer vi elevar, foreldre og ikkje minst utstillarar hjarteleg velkomne, seier Astrid Aag.
Foto: Vigleik Brekke
Publisert 12.11.2024 21.35