Torsvik Elektro er blitt Miljøfyrtårn

Den 16. mai kunne ordførar Tom Georg Indrevik overrekkja miljøfyrtårnsertifikat til dagleg leiar i Torsvik Elektro, Peder Torsvik.
- Det er viktig å vera bevisst på miljøet, seier Torsvik. 

Georg Indrevik (til venstre) overrekte miljøfyrtårnsertifikatet til dagleg leiar Peder Torsvik. - Klikk for stort bileteOrdførar TomGeorg Indrevik (til venstre) overrekte miljøfyrtårnsertifikatet til dagleg leiar Peder Torsvik.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Torsvik Elektro har pr. dato 38 tilsette og har ein omsetnad på om lag 50 millionar kroner i året. Bedrifta vart grunnlagt i 1982 og har kontor, lager og elektroverkstad på Torsvik. Bedrifta har no seks lærlingar og tek inn tre nye til hausten. På Øygardskonferansen i 2022 vart Torsvik Elektro AS kåra som Årets bedrift. 

- Lærlingordninga er svært viktig for oss. Vi har eit godt samarbeid med Sotra vidaregåande skule. Via arbeidspraksis får elevar testa ut om dette kan vera noko for dei. Seinare startar dei gjerne som lærling hjå oss, seier Peder Torsvik.

Det følgjer med fleire forpliktingar å vera Miljøfyrtårnbedrift.

- Vi må setja miljø i system. Vi sorterer avfall og gjenbrukar det vi kan. Over tid erstattar bedrifta dieseldrivne bilar med el-bilar, og elles er vi opptekne av arbeidsmiljøet for dei tilsette, seier Peder Torsvik. 

I 2022 vart Torsvik Elektro AS kåra til Årets bedrift. - Klikk for stort bileteI 2022 vart Torsvik Elektro AS kåra til Årets bedrift.

Blant kundane til Torsvik Elektro er industri og prosjekt dei største. Elles utgjer privatmarknaden rundt 30 prosent og offentlege prosjekt 10 prosent. Bedrifta hadde elektrooppdraget på Øygarden lokalmedisinske senter på Straume. Den siste tida har bedrifta hatt oppdrag med velferdsteknologi for Austevoll kommune. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke