Treff+ moteshow: Sol ute, sol inne, sol i hjertet, sol i sinnet

Det var mange som skein på Rong denne onsdagen (23. april). Treff+ hadde sitt årlige moteshow, og det var mange som ville ha med seg siste nytt frå motebransjen. Rundt 90 personar møtte opp på showet.

Frå scena - Klikk for stort bileteDet var mykje eleganse på moteshowet.

Vigdis James, Treff+ sin representant på Rong, hadde som vanleg handplukka mannekengane lokalt. Ho hadde diverre ikkje klart å få tak i mannlege mannekengar og måtte difor rekruttere ordførar Tom Georg Indrevik og leiar for Odeon Kino Sotra, Benjamin Torsvik, for å visa fram herrekleda frå Bricks.

Styreleiar i Treff+, Berit Anita Knudtsen Larsen, ønskte alle velkomne og vel overstått påske.

- Moteshowa er noko av det kjekkaste eg veit, for det kjem masse glade folk og god musikk. Dette er oppskrifta på god stemning. Det er viktig å ha møteplassar der alle er velkomne, der ein kan koma aleine eller saman med nokon, på sine eigne premissar og der det ikkje kostar noko å delta, sa ho.

Marita Torsvik Solås, senterleiar på Rong senter og leiar av Bricks, presenterte alle mannekengane og orienterte om kva for klede som vart vist fram. Vi fekk sjå mange pynta og fine mannekengar i siste skrik. Rune Torsvik sto for lyd og musikk. Då dei to mannlege mannekengane dukka opp på den raude løparen, kunne han slå til med både Boney-M og Abba! 

Publikum var med frå første strofe - og responderte med jubel og applaus.

Etter moteshowet fekk frammøte gode tilbod på senteret, og tid til å slå av ein prat for dei som ønska det.
Takk til alle frammøtte, elevar frå Rong skule, mannekengane, Rong senter, Treff+, og takk til Seniorkameratane som varma opp publikum i forkant av showet. Mange sette stor pris på både trekkspel musikk og kaffi.

Ps. Songen som aldri går av moten: «Sol ute, sol inne: tekst Herbert Herding-Herberth 1928, revy Pus, ta´n.»

Her er fleire bilete:

Frå moteshowet på Rong - Klikk for stort bilete

Frå scena - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Unni Sørensen