TREFF+ Rong: Rekordframmøte på moteshow på Rong Senter

I går onsdag 27. september møtte 106 innbyggjarar opp for å få med seg siste nytt innan haust- og vintermote for barn og vaksne. Representant for TREFF+ Rong, Vigdis James, har no utvida modellstallen med åtte nye mannekengar frå 2. klasse på Rong barneskule.

TREFF+ moteshow på Rong Senter - Klikk for stort bilete

Etter at seniorkameratane hadde varma opp forsamlinga med sin kjente og veldig kjære trekkspelmusikk, ønska styreleiar i TREFF+ Berit Anita Knudtsen Larsen alle velkomen til TREFF+ Rong sitt femte moteshow på fire år. Marita Torsvik Solås som er senterleiar på Rong og eigar av Bricks, var konferansier. Ho var glad for at ho no kunne få vist fram både herre, dame, gutte og pikemote. Først ønska ho velkomen mannekengane frå Rong skule som i tillegg til flotte vinterklede hadde fått fargespray i håret som matcha kleda. Dei ble møtt med applaus og jubelrop frå tilskodarane.

Så var det seniormannekengane som inntok den røde løper. Stemninga sto bokstaveleg talt under taket og DJ for anledninga og dagleg leiar på Huset spiseri Rune Torsvik måtte stadig skru opp volumet på musikken for å halde tritt med volumet på forsamlinga. 

Festen ble så flytta til Huset spiseri kor alle fekk tilbod om varm buffet (fårikål, plukkfisk, svinenakke m/div dessert og kaffi) for 179,-.

Folk i nord elskar moteshow og vil helst halda seg oppdatert på motefronten. No er showa utvida med framsyning av klede for alle i aldaren 0-110 år. Diskusjonen etter showet i går gjekk på kva vi kan gjera betre. Er kanskje den røde løperen for kort? Dermed var dato for neste moteshow bestemt: det blir kombinert juleavslutning og moteshow 6. desember på Rong Senter. Då vil tema sjølvsagt vera julemote.

Velkomen alle!

Tekst: Unni Sørensen
Foto: Unni Sørensen og Berit Anita Knudtsen Larsen

Fotogalleri