Treng brei involvering av fleire miljø

Næringslivet i Øygarden opplever at kommunen politisk og administrativt har ei offensiv haldning til næringslivet og vil leggja til rette for næringsutvikling. Ein undervegsrapport utarbeidd av PwC baserer seg på ei undersøking om i kva grad Øygarden kommune kan seiast å vera ein næringsvennleg kommune. Rapporten viser også at det er forbetringspotensiale innan fleire område.

Mange er involverte i arbeidet med "Næringsvennleg kommune". Frå venste; kommunedirektør Johnny Breivik, kommunalsjef for Kultur og samfunn Silje Haukedal, dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF Hanne Misje Lokøy, einingsleiar for plan, geodata og oppmåling Hanna Gjesdal, byggesaksleiar Reidun Våge Danielsen og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro.

Undervegsrapporten ligg som referatsak til formannskapet den 19. desember. I rapporten går det fram at kommunen har eit godt styringsverktøy for næringsutvikling i samfunnsdelen til kommuneplanen, scenarieanalysar for næringsutvikling i Øygarden og planar for hub-etableringar. Kommunen har i tillegg eigarskap i fleire selskap som kan vera viktige partnarar for gjennomføring av tilrettelagde tiltak for næringsutvikling.

- Det finst ingen eksplisitt næringsstrategi, men samfunnsplanen og tilhøyrande kunnskapsgrunnlag dekkjer behovet. Dette stiller krav til tydeleg og regelmessig kommunikasjon om ambisjonar, strategiar, ressursbruk og ansvar/mandat mellom politikarane og administrasjonen, heiter det i rapporten.

I undersøkinga går det fram at fleire uttrykker seg kritisk til plan- og byggesak innanfor fleire felt:

  • arealplanar må oppdaterast og ferdigstillast (uferdige planar er ein bremsekloss for utvikling)
  • haldningar og signal frå administrativ leiing vert ikkje følgd godt nok opp på sektor-/tenestenivå
  • for lang saksbehandlingstid
  • uklar rettleiing frå saksbehandlarar
  • behov for ein meir løysingsorientert kultur og betre kommunikasjon
  • det er viktig å likebehandla store og små aktørar
  • ønske om meir effektiv samhandling mellom kommune, fylkeskommune og statlege organ


Internt i kommunen er det eit uttalt ønske om å forbetra seg på byggesaksområdet. Dette arbeidet er ein i gang med. 

Undervegsrapporten viser elles at fleire erfarer at det er for høg detaljeringsgrad i areal- og reguleringsplanane og at det er «urimelege rekkjefølgjekrav som er vanskelege å gjennomføra i praksis. Det er også etterspurt landbruksfagleg kompetanse. Interkommunalt samarbeid på dette området er aktuelt. 

Neste steg i arbeidet med næringsvennleg kommune er ein intern arbeidsverkstad i januar. Seinare skal det gjennomførast ein arbeidsverkstad med kommune og næringsliv leia av PwC. Det skal utarbeidast tiltak knytt til satsingsområda som er omtalte i undervegsrapporten.

Les meir om undersøkinga her.  

Her kan du lesa undervegsrapporten. (PDF, 7 MB)

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland