Treng fleire utstillarar på jobbmesse

Tysdag 24. september vert det invitert til ny jobbmesse. Det er Øygarden kommune, NAV og Vest Næringsråd som inviterer til jobbmesse for flyktningar. 
- Det er behov for fleire bedrifter som kan visa kva behov dei har for arbeidskraft, seier prosjektmedarbeidar Kirsten Syljeset.

Frå jobbmessa i mai i år. - Klikk for stort bileteFrå jobbmessa i mai i år.

Prosjektmedarbeidar Ukraina, Kirsten Syljeset, arbeider aktivt mot bedrifter som kan presentera seg på jobbmessa og kva arbeidskraft dei har behov for.

- Vi har god dialog med Vest Næringsråd, og medlemene der er oppmoda om å presentera seg på jobbmessa. Desto fleire bedrifter som stiller opp, desto breie jobbtilbod kan vi presentera for  flyktningane. Men det hastar å få avklart kva bedrifter som stiller, seier Syljeset.

Jobbmessa vert arrangert i lokala til Øygarden vaksenopplæring i Grønamyrvegen 2 på Straume klokka 13.00. Utstillarane kan møta frå klokka 12.00.

Les meir på nettsida til Vest Næringsråd.

Bedrifter kan ta kontakt med prosjektmedarbeidar Kirsten Syljeset på telefon 900 23 332 eller senda e-post til Kirsten.Syljeset@oygarden.kommune.no