Treng kandidatar til å tala saka til eldre og personar med funksjonsnedsetjing

Etter kommunestyre- og fylkestingsvalet i september skal det veljast nye medlemer til råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) og eldrerådet for perioden 2023 - 2027. No vert det oppmoda om å senda inn forslag på samfunnsengasjerte og motiverte kandidatar til desse råda.

Frå eitt av møta i eldrerådet - Klikk for stort bileteFrå eitt av møta i eldrerådet

Bakgrunnen for råda er at personar med funksjonsnedsetjing og eldre ofte er underrepresenterte i demokratiske fora. Råda får mellom anna høve til å gje uttale i politiske saker som gjeld levekåra til høvesvis eldre og personar med funksjonsnedsetjing i kommunen. Råda kan også ta opp saker etter eige initiativ.

Kvart råd samlast i formelle møte om lag ein gong annankvar månad. Sakspapira vert sendte ut ei veke før møta, og det vert forventa at medlemene har sett seg inn i desse. I møta diskuterer medlemene sakene, og stemmer fram ein uttale som kan skal kunna vera med og påverka utfallet i saka. Medlemene vert gjerne utfordra til å ta del i andre prosjekt og arrangement.

Kjenner du til ein god kandidat, eller ynskjer du kanskje å vere med sjølv?

Organisasjonar som representerer høvesvis eldre og personar med funksjonsnedsetjing har rett til å nominera kandidatar, men også andre organisasjonar og enkeltpersonar kan senda inn forslag (nominasjonar) på medlemer. Det er kommunestyret som avgjer kven som vert valde inn.

Ver merksam på dette:

  • Det er ikkje avgrensingar i kor mange kandidatar ein kan føreslå, men kvart forslag må grunngjevast (kompetanse, bakgrunn, interessefelt, ev. anna).
  • Når det gjeld eldrerådet, skal fleirtalet av medlemene vera over 60 år.
  • Når det gjeld RFF, er det ikkje krav om at medlemene i rådet sjølve må ha ei funksjonsnedsetjing.
  • Det er ikkje krav til at kandidatar skal vera busette i Øygarden, men det er ein fordel med kjennskap til kommunen.
  • Det er viktig at kandidatane er motiverte for vervet og at dei har sagt seg villige til la seg nominera.
  • Til vanleg vert det kalla inn til om lag sju møte kvart år. Møta vert gjennomførte innanfor normal arbeidstid (arbeidstakarar har rett på fri frå arbeid i desse høva).

Forslag kan sendast til kommunen innan 17. september 2023, fortrinnsvis på e-post til post@oygarden.kommune.no.

Sjå eiga sak om nominasjon til ungdommens kommunestyre.

Les brev om nominasjon til RFF (PDF, 97 kB)

Les brev om nominasjon til eldrerådet (PDF, 140 kB)