Treng mange avviksmeldingar

Det er meldt 1 648 avvik i Øygarden kommune i 2. kvartal 2023. Dette er 85 prosent fleire enn same kvartal i fjor. Administrasjonsutvalet tok avviksstatistikken for 2. kvart i 2022 og 2023 til orientering.

Frå administrasjonsutvalet den 2. oktober. Kommunalsjef Marius Sylta orienterte om sjukefråvær i dei kommunale barnehagane. - Klikk for stort bileteFrå administrasjonsutvalet den 2. oktober. Kommunalsjef Marius Sylta orienterte om sjukefråvær i dei kommunale barnehagane.

Ordførar Tom Georg Indrevik sa i møtet at det er ønskeleg med fleire avvik.

- Ein treng det for å kunna bruka det som eit styringsverktøy, sa han.

Statistikken viser at det er størst auke i tal meldte avvik i kommunalsjefsområdet Helse og velferd. Det er også ein kraftig auke innan Oppvekst. HMS-avvika har auka med 39 prosent frå 2. kvartal 2022 til 2. kvartal 2023. Vald mot tilsett har auka med 26 prosent frå i fjor til i år.

Ei viktig årsak til auke i meldte avvik er at det vart meldt få avvik dei første åra og at det har vore meir fokus på opplæring og implementering av kvalitetssystemet.

I saksutgreiinga går det fram at målet er at det skal vera flest avvik innan alvorsgrad låg og få eller ingen avvik innan alvorsgrad høg. Kommunedirektøren skriv at det er for mange avvik innan alvorsgrad høg.

Avviksstatistikken viser at mange avvik vert lukka i løpet av første dag. Dette kan skuldast at leiarar har eit høgt fokus på å lukka avvik. Det er likevel 349 tilfelle der det går meir enn 30 dagar før avviket er lukka. For nokre avvik har det gått meir enn 30 dagar før dei er lesne.

Lokale lønsforhandlingar

Administrasjonsutvalet tok resultat frå lokale lønsforhandlingar for kapittel tre og fem til orientering. Kommunen som arbeidsgjevar kom til semje med alle dei 20 arbeidstakarorganisasjonane innanfor ei samla årslønsvekstramme på 5,3 prosent inkludert overheng og gliding. Totalt utgjorde resultatet for tilsette i kapittel tre og fem 13,7 millionar kroner.

Orienteringar

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, orienterte om sjukefråværet i dei kommunale barnehagane. Pr. dato er sjukefråværet 15,2 prosent. Det er høgare enn landet elles. Han viste til fleire tiltak som samarbeid med NAV, prosjektet «Jobben gjer frisk», 10-faktor, vikarpool, leiarstøtte og erfaringsutveksling mellom styrarar.

Helene Møkster, spesialrådgjevar i HR og kompetanse, gav informasjon om prosjektet «Jobben gjer frsik». Målet er å redusera sjukefråværet med eitt prosentpoeng. Pr. august er sjukefråværet 6,6 prosent. Det er viktig at ein maktar å halda sjukefråværet lågt over tidd.

I vår vedtok kommunestyret at det skulle opprettast vikarpool i Øygarden kommune. Jeanett Marthinussen orienterte om dette arbeidet. Det skal i første omgang tilsetjast tre fagarbeidarar for Helse og velferd og to for Oppvekst. Den første fagarbeidaren har hadde sin første arbeidsdag denne veka på Straume bu- og servicesenter. Vikarpool er ei eiga eining der dei tilsette er tilsett på ordinære vilkår.