Trine Marlen Øren vert kommuneadvokat i Øygarden

- Dette er spennande og utfordrande, og eg ser fram til eit endå tettare samarbeid med kollegaene. Det seier Trine Marlen Øren (32) som er tilsett som kommuneadvokat. Ho er truleg den yngste kommuneadvokaten i landet.

Trine Marlen Øren - Klikk for stort bileteTrine Marlen Øren

Før ho kom til Øygarden som advokatfullmektig i 2016, arbeidde ho hjå Privatmegleren. I 2018 fekk ho advokatløyve, og sidan juli i år har ho vore konstituert som kommuneadvokat.

Einingsleiar i Tryggleik, June Johannessen, seier at Trine Marlen Øren med si erfaring har god innsikt i mange av dei juridiske problemstillingane som ein kommune til ei kvar tid står i. 

- Når det gjeld erfaringar frå rettslege prosessar har ho slutta å telja for lenge sidan, for det er blitt mange over dei sju åra ho har vore i kommunen. Dei som kjenner Trine, fortel om ein hyggeleg, fagleg og dyktig advokat. Ho vert opplevd som positiv og ein medarbeidar det er lett å samarbeida med, seier Johannessen.

Øren har altså vore konstituert i stillinga som kommuneadvokat sidan juli og har dermed godt kjennskap til kva denne stillinga inneber.

- Eg opplever å bli vist stor tillit ved å få denne jobben. No får eg eit endå sterkare eigarforhold til stillinga. Saman med advokatfullmektig Aleksander Risdal, som får advokatløyve i januar, er oppgåvene løyste på ein god måte. Eg ser fram til det vidare samarbeidet med han og dei andre tilsette i  kommunen. Hugs at som tilsett kan du ta direkte kontakt med oss, seier Trine Marlen Øren.


Tekst og foto: Vigleik Brekke