Tusen takk, Noreg og Øygarden!

I forkant av behandlinga av kommunestyresaka onsdag der det vart vedteke å ta imot 240 flyktningar i 2023, stod to takknemlege ukrainarar fram på talarstolen.

Nelia Veretiuk (til venstre) og Tetyana Omelyanyuk  - Klikk for stort bileteNelia Veretiuk (til venstre) og Tetyana Omelyanyuk talte til kommunestyret onsdag.

58 år gamle Nelia Veretiuk er ein av dei 150 ukrainarane som er busett i Øygarden. Ho bur på Tjeldstø.

- Frå første stund i Noreg fekk eg støtte og hjelp. Både eg og alle ukrainarar fekk komfortable og velutstyrte bustader og kvar av oss får økonomisk støtte og nødvendig medisinsk behandling, sa Nelia til kommunestyrerepresentantane.

Ho fortalde at alle ukrainske flyktningar går i barnehage eller på skulen og har mange aktivitetar i tillegg.

- Språket er den største barrieren og den viktigaste nøkkelen til å verta integrert i det norske samfunnet. Vi har ein svært god skule med fantastiske lærar. Vaksenopplæringa i Øygarden kommune er ein av de beste skulene i Noreg. Det er eg sikker på, sa Nelia Veretiuk.

Dei fleste ukrainarar har fått delta i introduksjonsprogrammet, men ikkje Nelia.

- Eg er 58, og slik er reglane. Eg vart frustrert og litt deprimert, men no er eg i kvalifiseringsprogrammet og har arbeidspraksis på Narvesen. Der har vi den beste isen, sa ho og fekk latteren fram.

Takka på vegner av dei ukrainske flyktningane

Tetyana Omelyanyuk har vore busett i Øygarden sidan 2021 og er no prosjektmedarbeidar i ukrainaprosjektet og kjem i kontakt med mange flyktningar frå Ukraina. Ho såg det som ei ære å få stå framfor kommunestyret.

- Eg er imponert over den enorme innsatsen frå alle involverte til å hjelpa ukrainske flyktningar, og eg vil på vegner av dei ukrainske flyktningane takka for gjestfridomen som er vist sidan dei kom. Dei er takksame for innsatsen som er gjort for å finna passande bustader og sikra dei komfort og tryggleik, sa Tetyana.

Ho takka både Øygarden bustadforvaltning KF, huseigarane, helsevesenet og barnevernet for korleis dei har lagt til rette for at flyktningane skal ha det godt. Flyktningane er også takksame for støtta dei har fått til å navigera seg gjennom utdanningssystemet.

- Flyktningane er også svært takksame for økonomisk støtte og hjelp til å letta dei økonomiske byrdene i den første busetjingsperioden og norskkurs på vaksenopplæringa og introduksjonsprogrammet gjennom NAV.

- Flyktningane takkar dykk, Noreg, den norske regjeringa og alle andre som er involvert i å gje flyktningane ein god framtid, sa Tetyana Omelyanyuk.


Tekst og foto: Vigleik Brekke