TV-aksjonen: Næringslivet slo til med ny rekord

Ho smiler frå øyra til øyra, rådgjevar Julia Valeska Woehlert i kultureininga, når ho skal presentera resultatet av ringerunden fredag føremiddag. 326 tusen kroner til TV-aksjonen på ei lita føremiddagsstund er imponerande og 107 tusen kroner meir enn i 2023. Ved avslutning klokka 11.30 var det registrert 67 bidrag frå næringslivet.

Det var stor aktivitet på rådhuset under aksjonen fredag føremiddag. Frå venstre; Anders Ekanger (vest Næringsråd), Kari-Anne Landro (Vest Næringsråd),  Astrid Aag (Sartor Holding) og Julia Valeska Woehlert (kultur). - Klikk for stort bileteDet var stor aktivitet på rådhuset under aksjonen fredag føremiddag. Frå venstre; Anders Ekanger (Vest Næringsråd), Kari-Anne Landro (Vest Næringsråd), Astrid Aag (Sartor Holding) og Julia Valeska Woehlert (kultur).

Også dette året gjennomførte TV-aksjonskomiteen saman med Vest Næringsråd ringerunde til næringslivet. Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro, likar det ho får vera med på.

- Vi vert svært godt tekne imot når vi tek kontakt. Eg har ikkje fått nei så langt. Dette er eit formål som folk forstår og ønskjer å støtta. Bodskapen i år er veldig sjølvforklarande. Bedriftene gjev gjerne fem eller ti tusen kroner, seier dagleg leiar i Vest Næringsråd Kari-Anne Landro.

Siw Bergensen var også på plass på rådhuset fredag føremiddag. Ho er no frivillig medarbeidar i Barnekreftforeningen, men har tidlegare vore leiar og styreleiar i foreininga lokalt.

Frå venstre; Sirianne Arnestad Hellerud, Ernst Einarsen, Marthe Jansen (TV-aksjonen) og Siw Bergesen (Barnekreftforeningen). - Klikk for stort bileteFrå venstre; Sirianne Arnestad Hellerud (KFUK/KFUM), Ernst Einarsen leiar av TV-aksjonskomiteen Øygarden), Marthe Jansen (TV-aksjonen) og Siw Bergesen (Barnekreftforeningen).

- Vi har utstyrt to husvære i Ibsensgate som fungerer som familiehus. Det skal etablerast slike hus rundt dei fire universitetssjukehusa i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø. Husværa vi har i Bergen blir brukt heile tida, seier ho.

Sjølve innsamlingsdagen er sundag 20. oktober. Les meir om TV-aksjonen her og korleis du kan melda deg som bøsseberar.



Tekst og foto: Vigleik Brekke