Urolege for konsekvensane av omstilling

Hovudsak på møtet i administrasjonsutvalet på måndag var budsjett for 2024 og økonomiplan for 2024-2027. Dei tillitsvalde er mellom anna opptekne av kva konsekvensar omstilling får for kvardagen for dei tilsette.

Frå administrasjonsutvalet måndag. Møtet vart leia av varaordførar Anita Garlid Johannessen. - Klikk for stort bileteFrå administrasjonsutvalet måndag. Møtet vart leia av varaordførar Anita Garlid Johannessen.

I framlegget frå kommunedirektøren går det fram at Øygarden kommune må prioritera og omstilla drifta i takt med samfunnsutviklinga. 

- Den demografiske utviklinga fører til behov for store omstillingar. Fleire eldre betyr eit større behov for helsetenester framover. Analysane viser at helse- og omsorgstenestene må styrkast vesentleg i åra som kjem, sa kommunedirektør Johnny Breivik då han presenterte budsjettet 2. november. Her kan du lesa framlegget til budsjett og økonomiplan frå kommunedirektøren. 

På møtet på måndag var det dei tillitsvalde sin tur til å gje merknader til budsjettet. Heine Kleppe hjå Akademikarane meinte at det er lite dokumentert korleis tala er kvalitetssikra. 

- Det er i for liten grad gjennomført risikostyring opp mot måloppnåing, sa Kleppe. 

Vibecke Hodnekvam i Utdanningsforbundet var glad for at det er føreslått at det skal utarbeidast barnehage- og skulebruksplan. Ho er likevel redd for at ein kan «spara seg til fant». Hodnekvam viste til at skulevegring aukar og fleire barn treng ekstra ressursar. 

- Kvalitetsrapportar viser at Øygarden har låg bemanning, sa ho. 

Bodil Aleksandersen i Fagforbundet var oppteken av det høge sjukefråværet.

- Mange er sjuke fordi det er for lite folk på jobb. Vikarbudsjettet er for lite, og det er behov for fleire fagarbeidarar, sa Aleksandersen.

Frå venstre; May Britt Hansen, Heine Kleppe, Bodil Aleksandersen, Vibecke Hodnekvam og Johnny Breivik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; May Britt Hansen, Heine Kleppe, Bodil Aleksandersen, Vibecke Hodnekvam, Johnny Breivik og Anita Garlid Johannessen.

May Britt Hansen i YS støtta synspunkta til dei andre tillitsvalde. Ho meinte at mange ungdomar vil tilbake til kommunen og at det kan slå positivt ut for folketalet, særleg etter at det nye sotrasambandet er ferdig.

Kommunedirektør Johnny Breivik understreka at det ikkje er grunnlag for å halda fram som nå med dei økonomiske rammene kommunen har. Også dei politiske representantane i administrasjonsutvalet sa at kommunen står framfor store økonomiske utfordringar. 

Administrasjonsutvalet tok framlegget til budsjett til orientering med dei innspela som kom fram i møtet. Representantane frå fagorganisasjonane opplyste at dei ville senda inn skriftlege høyringsinnspel til budsjett og økonomiplan.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke