Utlysing av konkurranse om ettersøk av fallvilt i Øygarden kommune

Vilt som vert skadd eller døyr av andre årsaker enn ordinær jakt går under samlebeteikninga fallvilt. Handtering av fallvilt er ei kommunal oppgåve, og etter viltlova med tilhøyrande forskrifter har kommunen ansvar for ivaretaking av fallvilt. 

Hjort på Knappskog. Foto: Kjell Andersland - Klikk for stort bilete

Dette inneber utrykking for avliving og ettersøk når det vert motteke melding om skada vilt i samband med påkøyrsel og sjukdom. Kommunen har òg eit ansvar ovanfor situasjonar der storvilt vert skadeskutt i samband med ordinær jakt der ein ikkje finn dyret i løpet av første dag av jeger/ettersøks-ekvipasjen.

Kommunen sitt ansvar for iverksetjing av offentleg ettersøk inneber at kommunen må ha tilgang til kvalifisert personell og eigna ressursar til gjennomføring av ettersøk og eventuell avliving. Inngåing av avtale om ettersøkstenester skal sikre at kommunen har tilgang til viltpersonell til ein kvar tid på døgnet, heile året gjennom, innafor kommunen sine grensar.

Øygarden kommune ønsker å inngå ein ettersøksavtale for 4 år. Konkurransen vil gjennomførast etter forskrift om offentlige anskaffelser Del I. 

Ta kontakt med Mathias Høium Grøgaard på mathias.hoium.grogaard@oygarden.kommune.no for å få tilgang til konkurransedokumenta.

Tilbodsfrist er sett til 22.11.2024 kl. 12.00.