- Utviklinga har flata ut

Formannskapet fekk på møtet torsdag orientering om den økonomiske situasjonen for Øygarden kommune. 
- Månadsrapporten viser eit negativt avvik på 20,5 millionar kroner, og det kan sjå ut som utviklinga har flata ut samanlikna med tidlegare månadar i år, skriv kommunedirektøren.

Jan Utkilen (Sotralista-TVØ) var ein av dei som tok ordet i drøftinga av månadsrapporten. - Klikk for stort bileteJan Utkilen (Sotralista-TVØ) var ein av dei som tok ordet i drøftinga av månadsrapporten.

Kommunestyret vedtok i slutten av mars ei rekkje kortsiktige innsparingstiltak i 2025-budsjettet. Månadsrapporten for mars dannar grunnlag for kvartalsrapporten for 1. kvartal 2025 som kjem til politisk behandling i mai. 

Kommunedirektør Johnny Breivik orienterte om den overordna økonomiske situasjonen. Det vart også gjeve status for kommunalsjefområda Oppvekst og Helse og velferd. Kommunalsjefområdet Oppvekst har eit samla meirforbruk på 11,8 millionar kroner pr. mars månad, medan meirforbruket i Helse og velferd er 11,7 millionar kroner.

I rapporten går det fram at det er eit bekymringsfullt vikarbruk i Oppvekst og Helse og velferd. Kommunedirektøren legg opp til stram og tett oppfølging av einingar med mål om budsjettbalanse i 2025. Det betyr at einingane må handtera eventuelle utfordringar sjølv, eventuelt med omfordeling mellom einingar. Ingen kan rapportera meirforbruk utan å foreslå kompenserande tiltak.

Formannskapet tok månadsrapporten til etterretning. Dei som tok ordet gav klart uttrykk for at dei forventar at innsparingstiltaka må gje tydeleg effekt når dei komande rapportane vert lagde fram.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke