Varsel om oppstart av planarbeid – Detaljreguleringsplan for Energiparken Midt - gnr. 240 bnr. 114 m.fl.

På vegne av NorDAC Kollsnes AS (forslagstillar) og med heimel i §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla oppstart av planarbeid for Detaljregulering for Energiparken Midt - gnr. 240, bnr. 114 m.fl, planID 20220005, ved Ljøsøybukta i Øygarden kommune.

Utførande plankonsulent er Norconsult AS. NorDAC Kollsnes AS er eit heileigd dotterselskap av Carbon Removal AS.

Kunngjeringsdato: 04.07.2024.
Merknadsfrist: 30.08.2024.
Kart: Planområde Energiparken Midt (PDF, 10 MB)
Status: Varsel om oppstart av plan

Formål med planen

Planarbeidet skal legge til rette for areal til etablering av eit karbonfangstanlegg med teknologi som fangar CO2 direkte frå luft i ein industriell skala. CO2 som vert fanga i anlegget vil bli sendt til permanent lagring / deponering under sjøbotnen i Nordsjøen. Dette er kjent som DAC – Direct Air Capture.

Forslagsstillar tek sikte på å etablere eit fullskalaanlegg for karbonfangst i Noreg, og denne utpeika lokaliteten vil vera fordelaktig, då den er i nærleiken av Northern Lights terminalen, som skal ta imot CO2 frå fangstanlegg og sende dette til lagring under sjøbotnen. Det planlagde anlegget vil kunne fanga ca. 0,5 millionar tonn CO2 per år. Dette er i overkant av 1 % av dei samla norske utsleppa per år. Karbonfangst er eit viktig miljøtiltak for å nå overordna mål om reduksjon av klimagassutslepp. Tiltaket vil i tillegg gi ny og miljøvennleg næringsverksemd og bidra til å byggje opp om arbeidsmarknaden i kommunen.

Varsla planområde

Det konkrete risikobiletet og utstrekning av omsynssoner knytt til tiltaket er ikkje kjent no i tidlegfase.

I planarbeidet vil ein kartlegge risikobiletet for å definera arealmessige avgrensingar som kan kome av tiltaket. For å sikre at det vert sett av tilstrekkeleg areal i reguleringsplanen som tar høgde for dette, er det varsla eit relativt stort areal som planområde (ca. 754 dekar). Plangrensa kan bli endra i vidare prosess basert på risikovurderingar. Det er i denne fasen av prosjektet gjort svært konservative sikkerheits-vurderingar og planområde vil truleg bli mindre. Kvantitativ risikoanalyse vil bli gjennomført seinare i prosjektet, når tilstrekkeleg detaljeringsgrad på prosjektet er tilgjengeleg, denne vil dokumentere den reelle utstrekninga av omsynssonene.

Vidare er det ikkje endeleg avklart kor ny røyrleidning frå DAC-anlegget til eit eksternt felles knutepunkt for CO2 (vert ikkje del av denne reguleringa) og vidare transport for deponering på sjøbotnen via Northern Lights skal gå. Det er gnr/bnr 240/114 som er den mest sentrale tomta i det varsla planområdet, då det er her det nye DAC-anlegget skal plasserast. Varslingsgrensa for oppstart er vist med svart tjukk linje på kartet på s. 2 og på kartet på siste side.  

Gjeldande og pågåande reguleringsplanar

Planarbeidet overlappar med og inneberer noko endring av reguleringsplanar:

  • Naturgassparken (vedteken i 2018, planID 4626_125920150002).
  • Northern Lights II (vedteken i 2022, planID 4626_20210011). 
  • Energiparken Vest gnr/bnr 242/76 – Dale (vedteken 2022, planID 4626_20210002). 
  • Det er sett i gang arbeid med ein ny samla plan for Energiparken i 2021 (planID 4626_20210006), der eit av hovudformåla er å harmonisere planane i området. Omgrepsmessig vert sjølve Næringsparken i dag kalla for Energiparken, den heitte tidlegare Naturgassparken, og før det igjen Kollsnes næringspark.
  • Områderegulering Energiparken sør, planID 20220003. Det pågår planarbeid for områderegulering Energiparken sør som ligg sør for planområdet, oppstartvarsel kunngjort 04.01.2023. I nokon grad overlappar planområda kvarandre. Det er naudsynt med ei parallell planlegging for å sikre god samordning av prosessane. Særskild gjeld dette framføring av infrastruktur og samordning av denne. Det kan vere aktuelt med føring av straum, ammoniakk, naturgass m.m. gjennom planområdet til Energiparken Vest. Dette er moment som vert vesentlege i den vidare planlegginga. Det vil i prosessane med utarbeiding av planane verta klarlagt tilpassingar mellom planane. Varslinsgrense for Energiparken sør er vist med blå linjer i kart under.

Tiltaksarealet der DAC-anlegget skal oppførast, er i gjeldande reguleringsplan (Naturgassparken) i hovudsak regulert til industriformål (felt BI04 og BI07). Plansituasjonen i området er omfattande då det er i dag fleire pågåande planar i området og harmonisering mot eksisterande planar vil vera viktig. 

Kart over plansituasjonen i området - Klikk for stort bilete

Overordna planstatus og oppstartsmøte

Området er i kommuneplanen sin arealdel (KPA) satt av til næring, drikkevatn, bruk og vern av sjø og vassdrag, samt farleier. Oppstartsmøte blei gjennomført 02.06.2022. Dette er referatført av Øygarden kommune og er, saman med forslagsstillar sitt innsendte planinitiativ, tilgjengeleg på: 
arealplaner.no | 20220005 > Planbehandlinger

Sentrale tema i planarbeidet

Det mest sentrale område ein ser for seg å byggja ut, er ubygd og består av lyngkledd berg. Terrenget i området er kupert med topp- og lågpunkt på ca. 40 moh og 8 moh. Gjeldande regulert tomtenivå på kote 15 ligg lågt samanlikna med dagens terreng, som ligg i gjennomsnitt på ca. kote 30, og gjeldande plan legg opp til eit omfattande masseuttak. Nytt planarbeidet ser for seg å optimalisere høgda på tomta og i praksis betyr dette at området vil bli lagt høgare enn regulert minste kotehøgde, eventuelt med avtrapping i fleire nivå. Tilpassing til terreng/landskap, samt massehandtering vil vere sentrale tema i planarbeidet. Ein vil forsøka å oppnå ein intern massebalanse, då det er ynskjeleg å minimere transport av overskotsmassar.

Dimensjonane av DAC-anlegget er store. Ein ynskje i planarbeidet å utvida industriformål mot sør. Dette fører til ei mindre utviding av felt BI07 (industriformål) og inn på felt LF4 (friluftsformål) i gjeldande plan for Naturgassparken. Sør for felt BI07 går det ei kraftline i luftstrekk (faresone Høgspenningsanlegg, H470_4) og det er knytt byggeforbod med enkelte unntak til traseen. I samband med utvidinga sørover, vil dialog med netteigar vere viktig. Innafor felt LF4 ligg det fleire automatisk freda kulturminne. Desse er frigitt jf. kulturminnelova under føresetnad av at det vert gjennomført arkeologiske utgravingar.

Gassterminalen til Gasnor og gassrøyrleidninga i Northern Lights prosjektet (plassert aust i varsla planområde), samt hydrogenanlegget til H2 Production i vest, medfører bl.a. at delar av området er omfatta av restriksjonssone for brann- og eksplosjonsfare. Risikobiletet ved etablering av nytt karbonfangstanlegg vil vere eit sentralt tema i planen, og ein tidleg dialog med aktørar i området er naudsynt. Prosjektet og særskild potensielle sirkulære effektar mot andre verksemder i Energiparken skal skildrast i detalj. Synergieffektar mot hydrogenanlegget, Northern Lights og andre aktivitetar i området må og vurderast i ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Vurderingar innan støy, klima og miljø, samt behov for skadereduserande tiltak vil og vera viktige tema i planarbeidet. Behov for eventuelt løyve etter forureiningslova vil drøftast med aktuell mynde i samband med planprosessen.

Statnett sendte i februar 2024 ut melding om planlagt ny linjeføring frå Samnanger til Øygarden. Ei 420kV høgspentlinje skal førast til Øygarden og inn i trafostasjon i Kollsnes Aust. Trafostasjonen var konsesjonssøkt juni 2023. Arbeidet er relevant inn i detaljregulering Energiparken Midt då ein av traseane som er aktuelle ligg i dagens høgspenttrase (132kV) sør i varsla planområdet. Det vert viktig at planarbeidet har god samordning mot Statnett sine pågåande prosjekt.

Konsekvensutgreiing

Kommunen har vurdert at planen ikkje løyser ut krav om konsekvensutgreiing (KU). Området har vore gjennom KU i detaljregulering for Naturgassparken (2018) og Northern Lights I (2019), og det kjem ikkje fram nye moment frå vurderingar i planinitiativet eller oppstartsmøtet som tilseier at dette planarbeidet vil gje vesentleg endring i verknader. I planinitiativet kap. 6 har tiltakshavar gjort ei detaljert vurdering av om planen er KU-pliktig etter forskrift om konsekvensutgreiing.

Innspel og merknader

Innspel, kommentarar og opplysningar som er av interesse for planarbeidet må sendast skriftleg til: 

Frist for å koma med innspel er 30. august 2024.

Innkomne merknader og plankonsulten sitt samandrag med kommentarar, vert sendt over til kommunen og vil følgje saka som vedlegg. Spørsmål om planarbeidet kan rettast til arealplanleggar Sissel Hovland via telefon 45 40 47 08 eller på e-post. Meir utfyllande informasjon om planarbeidet er tilgjengeleg på www.norconsult.no under fana tjenester – kunngjøringer.

Kartskisse med varslingsgrense

Kartskisse med varslingsgrense - Klikk for stort bilete