Munter prat i pausen. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik (H), Marianne Sandahl Bjorøy (Ap, gruppeleiar) og Espen Stølsnes Harkestad (Ap).Kommunestyret vedtok fleirtalspartia Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet sitt framlegg til endringar av forslaget frå kommunedirektøren (29 av 45 røyster).
I 2025 skal det investerast for 228,3 millionar kroner. Dette er 14,3 millionar kroner meir enn framlegget frå kommunedirektøren. Påplussingane gjeld bygging av ny skule på Møvika (15 millionar kroner) og ei utsett riving av Ulveset barnehage (700 tusen kroner). Ny skule på Ulveset er teke ut av investeringsbudsjettet.
Seinare i økonomiplanen er det mellom anna sett av investeringsmidlar til nye Fjell ungdomsskule, nye omsorgsplassar og omsorgsbustader for unge vaksne. Ny skule på Bildøyna er utsett.
Dei største investeringane i 2025 er innkjøp av bilar (i staden for leasing), oppgradering av uteområde på skular, asfaltering og skifting av led-lys i kommunale bygg og veglys.
Her er eit utval av brukarbetalingar og gebyr:
- Barnehageplass inntil 50 timar i veka 2 000 kroner (inga endring)
- Skulefritidsordning (heil plass) + 5,6 prosent
- Brukarbetaling kulturskule, årsavgift 3 600 kroner (inga endring)
- Renovasjon hushald 4 757 kroner (+ 16 prosent)
- Vatn + 7 prosent
- Avløp - 7,1 prosent
Sjå hefte med gebyr- og brukarbetalingar her. (PDF, 2 MB)
Dei største endringane (påplussingar) i det vedtekne driftsbudsjettet (fleirtalspartia) er:
- Tilbakeføring av to millionar kroner til Øygarden kyrkjelege fellesråd (tilskotet vert då 35,4 millionar kroner)
- Undervisningsopplegg og overnatting for 5. klasse på Fjell festning
- Fysiske skulebøker
- Oppgradering av ustyrspark for realfagundervisning i skulen
- Skateboardområde og lagerbygg på Spildepollen
- Ekstraløyving til Bergen og Omland Friluftsråd (Oen og Sætrevika)
- Miljøterapeutar i skulen
- Opptrapping heimetenesta
- Justering faste stilling institusjon
- Utvikling av kompetanse og bemanningssenteret.
- Tilbakeføring frå vikar til faste stillingar skal gje ein gevinst på 10 millionar kroner.
I tillegg vart det fleirtal for alle dei 16 nye verbalpunkta frå fleirtalspartia (sjå lenkje nedanfor). Arbeidarpartiet fekk fleirtal for tre verbalpunkt.
Synne Nordøy (H) på talarstolenHer er dei forslaga til budsjett som var oppe til avrøysting i kommunestyret:
Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ, Venstre og Pensjonistpartiet (PDF, 107 kB) 29 røyster (vedteke)
Arbeidarpartiet og Senterpartiet (PDF, 141 kB) 8 røyster
Industri- og næringspartiet (PDF, 97 kB) 4 røyster
Sosialistisk venstreparti (PDF, 138 kB) 2 røyster
Raudt (PDF, 115 kB) 1 røyst
MDG røysta for forslaget frå kommunedirektøren 1 røyst
Tekst og foto: Vigleik Brekke