Vedtok tiltakspakke for god trafikkflyt

For å sikra god trafikkflyt i anleggsperioden for Sotrasambandet vedtok kommunestyret på torsdag at det skal gjennomførast ei rekkje tiltak internt og eksternt.

Den yngre garde samla på tvers av partigrensene i ein pause i kommunestyret. Frå venstre; Ole Iben Vårdal (H), Andreas Ormevik (MDG) og Rebekka Stormark Modøen (Ap). Med ryggen til; JosefineGjertine Opdahl Hellesund (KrF). - Klikk for stort bileteDen yngre garde samla på tvers av partigrensene i ein pause i kommunestyret. Frå venstre; Ole Iben Vårdal (H), Andreas Ormevik (MDG) og Rebekka Stormark Modøen (Ap). Med ryggen til; Josefine Gjertine Opdahl Hellesund (KrF).

Formålet med prosjektet er å få ein så god flyt i trafikken på vegane som mogleg i byggeperioden til Sotrasambandet. I dette ligg det eit mål om å få færre bilar på vegane som vert råka av prosjektet.

Mange tok ordet i saka, og det vart presentert tre forslag. Kommunestyret vedtok samrøystes framlegget frå Høgre, KrF, Frp, Sotralista-TVØ, Venstre og Pensjonistpartiet (posisjonen).

Med unnatak av forslaget om parkeringsavgift ved rådhuset, helsesenteret og parkeringsanlegget ved Fjell sjukeheim, ber kommunestyret om at alle aktuelle tiltak vert arbeidd vidare med. Kommunestyret set stor pris på at mange ulike interessentar både offentlege og private bidrar i dette arbeidet. Kommunestyret meiner at saka gir ei god skildring av mange av dei aktuelle tiltaka.

For å redusera den utfordrande situasjonen er det avgjerande at talet på bilar i pressperiodane vert redusert. Eit viktig tiltak for å oppnå dette er gode og attraktive kollektivløysingar. Kommunestyret peikar på at dette ansvaret ligg hjå Vestland fylkeskommune og ber om fortgang i følgjande: 

  • Reetablering av arbeidsruter til Haukeland universitetssjukehus
  • Auka kapasitet på dei avgangane som i dag har stort press
  • Vurdera auka kapasitet på ekspressavgangar frå Ågotnes og Skogsskiftet
  • Vurdera å setja opp eigne ekspressavgangar frå Straume som køyrer direkte til Bergen
  • Vurdera prøveprosjekt med båt frå Ågotnes i samarbeid med Bergen havn
  • Auka det økonomiske tilskotet til dei som nyttar seg av Nabogo


Kommunestyret vil ha jamleg orientering om framdrifta i prosjekta, første gong i kommunestyret 3. oktober. Det vert løyvd 1,2 millionar kroner til gjennomføring av ulike tiltak. Dette vert finansiert med meirinntekter på eigedomsskatt.
I tillegg fremja Arbeidarpartiet og Raudt forslag som følgjer saka og vert vurdert av prosjektgruppa.

Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) fekk smilet fram hjå mange då ho meinte at ein burde setja eit ekstra fokus på reisevanane til mennene.

- Fleire menn bør ta buss. Det er ikkje mange menn med slips å sjå på bussen, sa ho.

- Vel, eg må nok seia at eg har observert ei og anna kvinne i bilkøen, var tilsvaret frå Børge Haugetun (Sotralista-TVØ).

Vil ha full økonomisk kompensasjon

Bakgrunnen for saka er at kommunestyret i mars 2022 etter ønske frå Gassco vedtok å leggja ned mellombels forbod mot tiltak 210 meter på kvar side av Vestprosess-røyrleidninga i Harkestad-området og i Svanevågen, inntil planspørsmål i området er endeleg avgjort. I ettertid av at mellombels forbod vart vedteken, har kommunen hatt både møte og skriftleg dialog med Gassco, utan at det har resultert i noko avklaring knytt til planspørsmålet.

Alle som tok ordet, gav ros til administrasjonen for ei god og tydeleg sak med ei erkjenning av at ein no er inne på «erstatningssporet». Kommunestyret stod heilt samla om vedtaket som vart gjort etter framlegg frå posisjonen.

Der heiter det at kommunestyret peikar på at Gassco ut over det reint juridiske ansvaret også har eit stort samfunnsmessig ansvar for enkeltinnbyggjarar som vert ramma av dei justerte omsynssonene. Det vil vera avgjerande for korleis lokalsamfunn i heile Noreg stiller seg til denne type nasjonalt viktige anlegg, at Gassco tek eit utvida ansvar for dei uskuldige som er ramma.

Det skal opprettast dialog med Gassco om avtale for å sikra full økonomisk kompensasjon for eigedomar som vert råka av framtidig omsynssone. Dette skal gjelde økonomisk tap knytt til både urealiserte og realiserte eigedomar som er regulert med utbyggingsføremål i reguleringsplan eller arealdelen til kommuneplanen.

Vidare skal det gjennom avtale med Gassco sikrast at selskapet dekkjer alle kostnader kommunen har i samband med deira tilråding om å etablere omsynssone langs trasé for Vestprosess.  Utkast til ROS-analyse skal verta ferdigstilt, og utkastet skal etter dette sendast til relevante aktørar for uttale før endeleg ROS-analyse vert lagt fram for kommunestyret (ROS: Risiko- og sårbarheitsanalalyse).

Stian Oen (Ap) var ein av dei som tok ordet i saka om Vestprosess-røyrleidninga. - Klikk for stort bileteStian Oen (Ap) var ein av dei som tok ordet i saka om Vestprosess-røyrleidninga.

Etablerer Framtidssamfunnet

Kommunestyret vedtok samrøystes å etablera Framtidssamfunnet etablert frå hausten 2024 og at det formelt vert lagt til kommuneorganisasjonen og i oppgåveportefølja til næringssjefen.

Framtidssamfunnet skal etablerast som eit prosjekt med formannskapet som styringsgruppe. Ordførar set dagsorden i framtidskomiteen. Ordførar, varaordførar, leiar for det største opposisjonspartiet og kommunedirektøren vert oppnemnd som kommunen sine representantar i framtidskomiteen.

I vedtaket vert kommunedirektøren beden om å koma tilbake med ei sak hausten 2024, der framlegg til ny partnarskapsavtale med Vest Næringsråd vert lagt fram. Prosjektet skal evaluerast to år etter etablering
Sentrale oppgåver for Framtidssamfunnet som organisasjon vil vera å sikra ein god arena for diskusjon, og å vera ein fasilitator og pådrivar for prosjekt og aktivitetar.

Avviklar næringsføretak 

Det vart vedteke å avvikla Øygarden næringsutvikling KF med verknad frå 1. juli 2024.  Øygarden kommune har lyst ut stillinga som næringssjef. Det skal også etablerast eit næringsnettverk og få på plass eit overordna årshjul for næringsaktivitetar på tvers av fag og aktørar. Ein konsekvens av dette er å avvikla næringsføretaket. I saksutgreiinga går det fram at denne saka må ein sjå i samanheng med etablering av Framtidssamfunnet.

Kvartalsrapport

Kommunestyret slutta seg til kommunedirektøren si vurderingar i saka om oppfølging av kvartalsrapport 1. kvartal 2024. Eventuelle budsjettjusteringar vert behandla i kvartalsrapporten for 2. kvartal. 

Det er lagt til grunn at administrasjonen følgjer opp gjeldande budsjettvedtak. Disponering av meir inntekter vil bli vurdert i samband med behandling av rapport for 2. kvartal.

Per april er netto driftsresultat 27 millionar kroner betre enn budsjett så langt i år. Dette skuldast høgare skatteinntekter, rammetilskot og eigedomsskatt.

Men den underliggjande drifta etter tiltak viser eit meirforbruk på 25 millionar kroner. Kommunedirektøren har gått gjennom drifta og synleggjort ytterlegare innsparingar på totalt 28,5 millionar kroner. Men for å ta inn eit så stort beløp, må det gjennomførast eit kutt på rundt 50 millionar kroner på årsbasis. 

I staden for å gå til inngripande tiltak no, tilrår kommunedirektøren at kommunen brukar meirinntekter på kort sikt og omstiller organisasjonen på lang sikt. 

Buset ikkje einslege mindreårige flyktningar 

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har oppmoda Øygarden kommune å auka talet på busetjingsplassar for einslege mindreårige. 

Kommunestyret vedtok at kommunen ikkje skal busetja mindreårige under 15 år i 2024. Dersom Øygarden kommune skal busetja einslege mindreårige flyktningar under 15 år, legg ein til grunn ei styrking av tilskot frå staten slik saka gjer greie for.

Startar forhandlingar om utbyggingsavtalar Ågotnes

Det vart vedteke at kommunen skal gå i forhandlingar med aktuelle utbyggjarar på Ågotnes om utbyggingsavtalar med sikte på å løysa rekkjefølgjekrav om utbetring det smale strekket langs Landrovegen. Det skal leggjast opp til eit spleiselag, der utbyggingsavtalene til saman må dekkja kostnadene som ikkje vert dekt gjennom Miljøløftet.

Kommunedirektøren skal kunngjera oppstart av forhandling om utbyggingsavtalar med aktuelle utbyggjarar i medhald av plan- og bygningslova. Ferdigforhandla avtalar skal leggjast fram for kommunestyret når siste aktuelle reguleringsplan inn i spleiselaget er vedtatt.

Miljøløftet har løyvd om lag 66 millionar kroner til utbetring av strekninga under føresetnad av at finansiering av strekninga vert eit spleiselag mellom Miljøløftet og utbyggjarar i området.

Vil markera at Øygarden passerer 40 tusen innbyggjarar

Kommunestyret vil gjerne markera at Øygarden i løpet av 2024 venteleg vil passera 40 tusen innbyggjarar. Fire familiar med nyfødde får høve til å peika på eit frivillig lag eller organisasjon i Øygarden som kvar får 10 tusen kroner, totalt 40 tusen kroner. Dei fire familiane får i tillegg eit gåvekort på fire tusen kroner kvar, totalt 16 tusen kroner. Tiltaket vert finansiert frå meirinntekter eigedomsskatt.

Vil ha forhandling om lokal båtrute

Etter forslag frå Industri- og næringspartiet ber kommunestyret administrasjonen å inngå ein avtale med fylkeskommunen for å sikra framleis drift av båten til Geitanger.  

Fylkeskommunen har sett som krav for vidare drift av båtruta at kommunen held fram med å dekkja 50 prosent av kostnadene med kontrakten. Ein eventuell ny avtale vil gjelda frå juli 2026.

Robert Lund (Industri- og næringspartiet) fekk full større for sitt forslag i saka om båtrute til Geitanger. - Klikk for stort bileteRobert Lund (Industri- og næringspartiet) fekk full større for sitt forslag i saka om båtrute til Geitanger.

Framtidig organisering av bustadsosialt arbeid

Det vart vedteke at kommunedirektøren skal starta opp med gjennomføring av tilrådingane som skissert i saka og vedlagt sluttrapport. 

Etablering av bustadkontoret vert gjennomført som eit toårig prosjekt under føresetnad for at kommunen har tildelingsrett også for bustadene til Bustadstiftinga. Gjennomføringa av prosjektet vert rapportert gjennom kvartalsrapportar.

Kommunedirektøren vert beden om å gå i dialog med Bustadstiftinga for å inngå ein samarbeidsavtale der kommunen overtek tildelingar av alle kommunale utleige- og omsorgsbustadar eigd av Bustadstiftinga. Dersom dette ikkje lukkast, skal saka tilbake til formannskapet. 

Kommunestyret ber kommunedirektøren å legga fram framlegg til tildelingskriteria for kommunale utleige- og omsorgsbustadar til politisk behandling i løpet av hausten 2024.

Godkjende rekneskap og årsmeldingar

Kommunestyret godkjende rekneskap og årsmelding 2023 for Øygarden kommune, Øygarden næringsutvikling KF og Øygarden bustadutvikling. KF 

Rebudsjettering av investeringar

Det vart vedteke rebudsjettering av investeringar frå 2023 til 2024 finansiert med ubrukte lånemidlar og momskompensasjon og budsjettering av investeringar 2024.

Gjev tilskot til velforeining

Det vart samrøystes vedteke å gje eit tilskot på 340 tusen kroner til Bjorøy og Tyssøy velforening til opprusting og vedlikehald av grendehuset på Bjorøyna. Tilskotet vert finansiert ved bruk av disposisjonsfond. Det ubundne investeringsfondet «Fastlandssambandet Bjorøy-Tyssøy» vert overført til eit generelt investeringsfond og brukt til kommunale investeringar.

Styrkjer ungdomstiltak på Straume

Det vart vedteke å setja av eín million kroner årleg til å styrkja tilbodet til Basecamp om Ope hus for ungdom i alderen 13-20 år. Midlane skal i første omgang nyttast til å sikra at Ope hus kan driftast vidare innanfor dagens opningstider. Resterande midlar skal nyttast for å sikra utvida opningstider og nye lokale med plass til fleire ungdommar. Basecamp vert beden om orientera om status for midlane innan utgangen 2024.

Arbeidarpartiet fremja forslaget frå ungdomsrådet om å styrkja Basecamp med 750 tusen kroner og at dei resterande midlane (250 tusen kroner) skulle gå til å styrkja innbyggartorget og biblioteket på Straume med utvida opningstider for å sikra at ungdom nyttar det. Forslaget fekk ikkje fleirtal.

Raudt fekk ikkje fleirtal for eit forslag der ein ønskjer at Basecamp ser på moglegheitene for å skilja på alderstrinn 13-15 år og 16-20 år ved behov.

Ordførar Tom Georg Indrevik og Ernst Einarsen delte ut synleg bevis til dei som har fått idretts- og kulturstipend.  - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og Ernst Einarsen delte ut synleg bevis til dei som har fått idretts- og kulturstipend.

Vil venta med opptrapping av aksjonssenteret

Kommunestyret tok saka om aksjonssenteret til orientering og ber kommunedirektøren å vidareføra intensjonane for aksjonssenteret i det pågåande arbeidet med omstilling av tenestetilbodet innan helse og velferd.

I saka skriv kommunedirektøren at det er for tidleg å trappa opp aksjonssenteret i samsvar med tidlegare politiske vedtak. Han skriv at intensjonane om at aksjonssenteret skal verta eit kompetanse- og responssenter for noverande og framtidig  velferdsteknologi ikkje er realisert på noverande tidspunkt. 

- Det er behov for å arbeida vidare med både organisering og teknologiske løysingar før plan om opptrapping vert realisert, går det fram av saksutgreiinga.

Legg ned brukar- og pårørandeutvalet

Kommunestyret vedtok å leggja ned brukar- og pårørandeutvalet innan omsorgstenesta med verknad frå 1. juli. Råd for personar med funksjonsnedsetjing( RFF) vil frå same dato ivareta arbeidet som var lagt til brukar og pårørandeutvalet.
Strategi for Helsefellesskapet 

Øygarden kommunestyre sluttar seg til overordna strategi for Helsefellesskapet i bergensområdet. Målet med strategien er mellom anna å sikra mest mogleg heilskapleg forløp for pasientane.

Vil samarbeida med fylkeskommunen om fylkesveg 

Kommunestyret vil at Øygarden kommune i samarbeid med Vestland fylkeskommune samarbeider om eit forprosjekt for å klargjera føresetnadene for vidare prosess om detaljregulering av ny fylkesveg 561 mellom Kolltveit og Ågotnes.

Bakgrunnen for saka er at Statsforvaltaren delvis har oppheva detaljregulering for ny fylkesveg på denne strekninga. Vedtaket er ikkje klaga av kommunen eller fylket.

Handlingsprogram for Miljøløftet

Kommunestyret slutta seg til Miljøløftet sitt handlingsprogram for 2025-2028 slik det ligg føre. For fireårsperioden ligg det inne fire prosjekt (investeringsmidlar) i Øygarden med ei totalramme på 173,7 millionar kroner:

  • Akse Straume sjøfront til gangbru Brattholmen - prosjekt for å utvikla Straumealmenningen, frå skule- og idrettsenter Bildøy gjennom Straume sentrum til gangbru over fylkesvegen ved Storskaret. 
  • Bildøyvegen/Straumsundet bru
  • Miljøgate Ågotnes - delstrekning 
  • Skogsskiftet sentrumsområde - gjeld utbetring av fylkesvegen gjennom sentrum.
     

I tillegg kjem fem prosjekt knytt til belønningsmidlar på til saman 3,4 millionar kroner. 

Kommunestyret tok også årsmelding for Miljøløftet 2023 til orientering.

Andre saker

  • Kommunestyret vedtok anskaffingsstrategi for Øygarden kommune 2024-2027 slik han låg føre, revidert 27.mai 2024.
  • Forslag til plan for eigarskapskontroll for perioden 2024 – 2028 for Øygarden kommune vart vedteken slik han låg føre.
  • Forslag til plan for forvaltningsrevisjon for perioden 2024 – 2028 for Øygarden kommune vart vedteken slik han låg føre.
  • Kommunestyret opphevar “Forskrift om sals- og skjenketider ved omsetning 
    av alkoholholdig drikk, Øygarden kommune, Vestland”.
  • Kommunestyret gir sin tilslutnad til at Voss herad blir ny deltakar i Bergen og Omland Friluftsråd Kommunalt Oppgavefellesskap med verknad frå 1. januar 2025.
  • Øygarden kommunestyre vedtok samarbeidsavtalen for Vest brann- og redningsregion kommunalt oppgavefellesskap.
  • Oppnemning av meddommarar til Hordaland tingrett og Hordaland jordskifterett
  • Val av møtefullmektigar til forliksrådet
  • Val til forliksrådet
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her er opptak frå møtet.

Fjellkoret gav musikalske smakbitar

Mot avslutninga av møtet fekk kommunestyret nokre godbitar frå repertoaret til Fjellkoret. Dirigent Jan L. Jacobsen orienterte om “Syngande kommunar” og det koret har planar om i tida som kjem.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke