Dropp inn er eit tilbod for personar med demens eller anna kognitiv svikt. Tilbodet er lokalisert til Tednebakkane omsorgssenter, Kvednatunet og Straume bu- og servicesenter.
Ill.foto
Pixabay
Drop in inn er eit kortvarig, timebasert avlastningstilbod for personar med demens. Frå denne veka (veke 49) kan dei tre institusjonane ta imot dropp-inn-deltakarar på bestemte dagar. Det er berre to plassar tilgjengeleg per dagavdeling på dropp-inn-dagar, og difor må pårørande ringja for å reservera plass.
Tilbudet er for personer som:
- Kan vera saman med andre.
- Kan gå ved eiga hjelp, eventuelt med hjelpemidlar.
- Er under utgreiing, har ein demenssjukdom eller kognitiv svikt.
Praktisk informasjon:
- Tenester er eit avlastningstilbod som ikkje krev søknad eller vedtak.
- Dropp-inn kan bestillast på førehand slik at pårørande kan planleggja for eksempel frisør, tannlege- eller andre nødvendige avtaler.
- Transport er ikkje inkludert. Pårørande må sjølv syta for transport til og frå institusjonen.
- Det vert servert middag klokka 12.30 (pris kr. 147).
Les plakat om tilbodet her. (PDF, 729 kB)
Arbeidet med å utvikla dette tilbodet er knytt til eit prosjekt leia av ergoterapeut Alyce Levik saman med demenskoordinator Hege Tveit og spesialrådgjevar Janne Mo.
Publisert 16.12.2024 09.24