Velkomen til Øygardsveka!
Torsdag 17. oktober er det igjen tid for Øygardsveka 24 og foreldremesse på Sartor senter. Foreldremessa er eit initiativ for visa fram alle dei gode ressursane i kommunen vår som jobbar for at unge skal få hjelp mest stort og smått når dei treng det.

Her kan du få oversikt over offentlege og ideelle aktørar og kva dei bidreg med når nokon treng ekstra støtte.
Har du ein ungdom du er ansvarleg for, eller uroar deg for, oppmodar vi deg til å koma innom. Men også om du jobbar i dei kommunale tenestene er dette ein unik sjanse til å danna seg ei oversikt over alle ressursane du kanskje ikkje visste om og slå av ein uformell prat.
Messa vert runda av med Frode Thuen live på bibliotekscena klokka 18, under overskrifta «Sjuk, eller berre ein tenåring?» Kva er normalt, og kva kan me tola å stå i i dei utfordrande tenåringsåra?
Messa vert arrangert i samband med verdsdagen for psykisk helse, som i år har temaet #gi8minutt. Me takkar Sartor senter, Odeon kino og Sartor bowling for støtte til årets messe.
- Foreldremesse, Glassgården 12-18 (17. oktober)
- Frode Thuen Live, bibliotekscena klokka 18
- Sartor bowling, «gi minutt» tilbod heile onsdag 16. og torsdag 17. oktober
- For mei info, sjå heimesida på https://om.no/2YAJ
Publisert 16.10.2024 12.29