Frå forfattarbesøket på Landro skule. LandrioI tillegg til vinnarklassen inviterte Øygarden innbyggartorg og bibliotek resten av 6. klassene til å få oppleva besøket, der førstemann til mølla fekk koma. Dei heldige der var Ågotnes skule, som fekk 2. og 3. plass i lesekonkurransen. I tillegg til at Tjeldstø skule heiv seg rundt og tok turen inn til Straume.
Førstevalet til 6b ved Landro skule var forfattar av Verdens verste-bøkene, Marius Horn Molaug. Han kunne heldigvis ta seg ein tur til Vestlandet 4. desember, og med seg hadde han også illustratør Kristoffer Kjølberg. Saman leverte dei eit humoristisk show, der forfattaren presenterte bøkene sine, medan illustratøren teikna undervegs. Han hadde blant anna laga nokre humoristiske fotballkort med litt alternative namn, som slo godt an hjå publikum.
Det vart avslutta med at klassen fekk vera med å laga innhald og forma framsida av ei ny Verdens verste-bok; Verdens verste foreldre. Lærar Christine Hjartøy Fjell var også heldig og fekk med seg ei t-skjorte med illustrasjon frå den siste boka, det synest mange i klassen var ekstra stas. I tillegg fekk klassen eit eksemplar av denne boka med seg tilbake.

Det har vore stor leseglede i klassen både undervegs i prosjektet, men også i etterkant i påvente av forfattar-besøket. Klassen har jobba aktivt med litteratur, og kom godt førebudd.
Etter førestillinga seier Amanda, at ho er «veldig fornøgd med val av forfattar» og Embla seier «at alt var perfekt, og at Marius var flink til å leva seg inn i historiene sine». Elida synest det «det var gøy å få høyra korleis han tenkte når han skulle planlegge ei ny bok» og Matheo og Adrian synest det var «kjempegøy å få vera med og laga forsida til ei bok», medan Amalie synest «Det var gøy å sjå Kristoffer teikna undervegs».
Oppsummert kan vi sitere Adriana: «Ei kjempekjekk oppleving».
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Trine Torsvik, skulebibliotek-koordinator