Marit Berling og Tom Georg Indrevik ved minnesteinen 10 år etter helikopterulukka ved Turøyna.Klokka 12 var det kransepålegging ved minnesteinen ved Turøyna. Då las ordførar Tom Georg Indrevik opp namna på dei 13 personane som omkom i ulukka. Mellom dei omkomne var Lyder Martin Telle og Odd Geir Turøy frå Øygarden.
Seinare på dagen var det eit lukka arrangement for dei pårørande og innbedne gjester i kultursalen på Øygarden rådhus på Straume. Der framførte kulturskulelærar Marcus Davidson irsk folketone på piano. Det var talar ved ordførar Tom Georg Indrevik og Marit Berling i Equinor.
Rundt 200 personar deltok på minnemarkeringa.I talen i kultursalen sa ordføraren at denne dagen heidrar vi vi først og fremst dei vi mista. Menneske med namn, ansikt, draumar og håp. Foreldre, ektefellar, barn, søner, døtrer, vener og kollegaer. Dei var på veg heim – til liva sine, til dei som venta.
- Ulukka ved Turøyna rysta heile landet. Ho ramma ikkje berre familiar og lokalsamfunn her på Vestlandet, men berørte oss alle. Den minna oss brutalt om risikoen mange tar kvar einaste dag for å sikra velferda vår og energien vi er avhengige av, sa ordføraren.
I talen understreka han at samstundes viste dagane etter ulykka det aller beste i oss. I den djupaste krisen stod menneske saman. Lokalsamfunnet opna heimar, kyrkjer og hjarto. Naudetatar, frivillige og pårørande møtte det utenkelege med mot, verdigheit og omsorg.
- La oss bruka denne dagen til å visa omsorg for kvarandre. Til å stå saman i respekt. Og til å lova at minna om dei som mista livet, skal leva vidare – ikkje berre i ord, men i handling, sa ordførar Tom Georg Indrevik.

Marit Berling, som var produksjonsdirektør for Gullfaks i 2016, sa at dei 13 personane som mista livet var familiemedlemer, vener, kollegaer – menneske med draumar, planar og liv som brått vart rive bort.
- Våre tankar går til deira næraste, som lever vidare med tapet kvar einaste dag. Det er eit sår som framleis minner oss om alvoret i det vi gjer, og om vårt ansvar for menneska som kvar dag reiser på jobb for å utføra viktig arbeid på vegner av fellesskapet.
Ho understreka at frå selskapa si side er det eit ønske om å vera tydelege på å ta ansvar.
- Og vi ber med oss eit djupt alvor i alt arbeid som har følgd i åra etter ulukka. På vegner av Equinor og alle dei involverte selskapa vil eg takka dei etterlatne for den styrken de har vist, og for at de har bidrege med stemmer som har vore avgjerande for læring og forbetring. Takk også til redningsmannskap, granskarar og fagmiljø som har arbeidd utretteleg for å finna sanninga og gjera oss tryggare, sa Marit Berling.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke