- Vi er svært takksame

31. mai vart eit rett i jobb-prosjekt der seks ukrainske flyktningar har vore i jobb som assistentar på Straume- bu og servicesenter og Fjell sjukeheim avslutta. Dette vart markert på torsdag.
Gjennomgangstonen frå dei seks medarbeidarane er at dei er takksame og elskar jobben sin.

Frå venstre; Kirsten Syljeset, Tetiana Sevidova, Vira Leschinska, Tetyana Hreben, Tetyana Omelyanyuk, Ernst Einarsen, Tetiana Shkulipa, Halyna Holetska, Nataliia Cheffa og Kristoffer Møvik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Kirsten Syljeset, Tetiana Sevidova, Vira Leschinska, Tetyana Hreben, Tetyana Omelyanyuk, Ernst Einarsen, Tetiana Shkulipa, Halyna Holetska, Nataliia Cheffa og Kristoffer Møvik.

Alle dei seks assistentane har fått nye arbeidsavtalar og har fått sommarjobb der dei er i dag.
Ein av dei seks assistentane er Vira Leschinska som har vore tilsett på Fjell sjukeheim.

-    Dette har vore veldig bra. Det er så viktig for oss å få jobba i Noreg. Gjennom denne jobben har eg fått utført forskjellige oppgåver og kommunisert og samarbeidd med kollegaene mine. Eg har lært meir og meir av systemet og rutinane. Eg er sært glad for at eg også skal få jobba på Fjell sjukeheim også no framover, seier Vira som også rosar vaksenopplæringa ved Ragnhild Hareide Breivik for god yrkestilpassa norskopplæring.

I prosjektperioden mellom 1. september og 31. mai har seks kvinner på 55+ delteke i dette oppgåveforskyvingsprosjektet. Prosjektleiar for Ukraina-prosjektet Monica Pedersen seier at dei har lært seg mange viktige oppgåver som skal løysast og vore til avlastning for personale i turnus ved at assistentane tek unna ulike oppgåver.

Varierte oppgåver

Dei har arbeidd på dagtid med det som vert kalla serviceoppgåver som å laga til måltid, smøra skiver, vaska opp, vaska klede, reia senger, hjelpa til ved måltid, halda kjøkkenet reint og ryddig, delta i aktivitet med bebuarar, gå turar med bebuarar. Dei har delteke i arbeidet for å avhjelpa dei som går i turnus og løyst oppgåver som ein ikkje må vera helsefagleg utdanna for å gjera.

Også leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, deltok på markeringa på torsdag.

-    Desse medarbeidarar har vore ei svært stabil arbeidskraft og er eit viktig bidrag til drifta vår. Dette gjev ein dobbel gevinst og er verkeleg berekraftig for framtida. Det er tydeleg at desse medarbeidarane trivst svært godt på jobb, seier utvalsleiaren.

På markeringa deltok også prosjektmedarbeidar Kirsten Syljeset, rådgjevar Kristoffer Møvik og prosjektmedarbeidar Tetyana Omelyanyuk. Ragnhild Hareide Breivik og Monica Pedersen hadde ikkje høve til å delta.

Dei seks assistentane gav blomar som takk til Tetyana Omelyanyuk og Monica Pedersen. - Klikk for stort bileteDei seks assistentane gav blomar som takk til Tetyana Omelyanyuk og Monica Pedersen.

Tetyana Omelyanyuk sa i sin tale at ein nå har kome til slutten av prosjektet og at det har vore ei glede å ha assistentane i arbeid.

- Vi håpar at desse månadene har vore verdifulle for dykk. De har gjort ein fantastisk jobb, og vi er veldig stolte av dykk. Vi ønskjer dykk lukke til i framtida og håpar at alt det de har lært vil hjelpa dykk vidare i karrieren dykkar. Tusen takk for innsatsen og for den positive haldninga de har vist kvar dag! sa ho.

Rådgjevar i Ukraina-prosjektet, Kristoffer Møvik, sa på markeringa at Øygarden kommune set stor pris på bidraga frå dei seks assistentane. Han understreka at engasjementet av assistentane er i samsvar med norske arbeidsvilkår. Dei seks ukrainarane er løna som assistentar på ordinære vilkår etter tariff.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Vigleik Brekke og privat