- Vi fekk ny kunnskap

Leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, likte det han fekk vera med på då utvalet og tre kommunalsjefar besøkte fleire kommunar over to dagar i osloregionen i sist veke. 

Levekårsutvalet besøkte mellom anna Stortinget. - Klikk for stort bileteLevekårsutvalet besøkte mellom anna Stortinget.

Utvalet besøkte ulike tiltak knytt til demensomsorg, kulturskule, barnevern og ein stor barneskule. Det vart også tid til stortingsbesøk der utvalet vart møtt av leiar av Hordalandsbenken, Ove Trellevik, som var ein god vegvisar rundt på Stortingsbygget.

- Det var eit svært godt møte der vi fekk drøfta fleire utfordringar vi som kommune opplever når det gjeld samhandling med staten, seier Einarsen.

Levekårsutvalet starta besøket i Lørenskog kommune der utvalet møtte leiinga på Fjellhamar skule. Denne skulen er på 18 tusen kvadratmeter og har kapasitet til 1 200 elevar. Den første dagen var det også besøk på barnevernstiltaket Storgata avlastning og kulturskulen i Lillestrøm kommune.

Den andre dagen starta med besøk på Stortinget der utvalet i tillegg til å møta stortingsrepresentant Ove Trellevik og lytta til spørjetimen fekk møte med leiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Tone Wilhelmsen Trøen og første nestleiar Truls Vasvik. 

Eit viktig mål med turen til levekårsutvalet var å få meir kunnskap frå dei som har erfaring med demenslandsby. Difor var det lagt inn besøk til Hagebyen Dronning Ingrids hage som er eit bukonsept for personar som har demens.

Ernst Einarsen meiner han trygt uttalar seg på vegner av heile utvalet når han gjev uttrykk for at det var svært lærerikt og få kunnskap som kan nyttast i arbeidet i Øygarden kommune i dei ulike felta.

- Det er ein stor fordel for kommunen at både administrasjonen og politikarane får eit godt felles grunnlag inn i det vidare arbeidet knytt til eigne løysingar på desse tenesteområda, seier han.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat