- Vi går fast på Treff+

Denne veka var det semesteropning for Treff+.
- Dette er positivt, og vi opplever at alle vil oss vel, seier Astri Vindenes og Gunvor Hauge som møter fast på Treff+ og Aktiv+. Dei var blant dei frammøtte på samlinga på Sartor Storsenter på torsdag.

Astri Vindenes og Gunvor Hauge ved lunsjbordet. - Klikk for stort bileteAstri Vindenes (til venstre) og Gunvor Hauge likar seg godt på Treff+.

Denne dagen fekk dei orientering om kva som skal skje på Treff+ utover hausten. To ordførarkandidatar var også på plass på scena. Seniorkameratane stod for musikken.

Astri Vindenes (86) kjem frå Hardanger og gifta seg til Sotra i 1958. Ho har i mange år drive klesforretninga Madonna på Sartor Storsenter.

- Eg er glad i moteshow og elskar å kle meg fint. Eg har også delteke som mannekeng på Treff+, seier Astri som rosar dei som er ansvarlege for Treff+ og Aktiv+.

Gunvor Hauge er opphavleg frå Fana og kom til Øygarden for seks år sidan.

- Det er så flott med dei folka vi treffer her. Kommunen gjer mykje godt for oss eldre. Eg er også med på Aktiv+ og deltek på trim. Det gjer godt for kroppen, seier Gunvor.

Samarbeid mellom tre senter og kommunen

Treff+ er eit samarbeid mellom dei tre sentera, Sartor Storsenter, Rong Senter og Sund Senter, og Øygarden kommune. Treff+ har samling på torsdagar på Sartor Storsenter og onsdagane på Sund Senter og Rong Senter klokka 11.30.

- I år har vi også starta opp med demenskor og allsongkor.  Samarbeidet oppstod i samband med det kommunale prosjektet Sjef i eige liv og målet om å bu trygt heime. Dette resulterte i eit unikt samarbeid som vert lagt merke til langt utover Øygarden kommune, sa senterdirektør Thomas Skålnes til dei som møtte opp på semesteropninga med lunsjservering på torsdag.

Berit Anita Knudtsen Larsen orienterte om kva Treff+ tilbyr.

- Vi er organisert som ein eigen organisasjon på linje med Aktiv+. Målet er at seniorar skal ha ein møteplass og eit godt sosialt nettverk. Vi har mellom anna datakurs som skal bidra til at vi unngår digitalt utanforskap. Nytt dette året er demenskor og allsong, sa Knudtsen Larsen.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Berit Anita Knudtsen Larsen - Klikk for stort bilete
Thomas Skålnes - Klikk for stort bilete
Annlaug Sangolt og Nansy Thormodsæter  - Klikk for stort bilete
To ordførarkandidatar; Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) og Tom Georg Indrevik (H). - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke