Kommunedirektør Johnny Brevik (til venstre) og ordførar Tom Georg Indrevik innleia budsjettseminaret.Ordføraren viste til at fleire kommunar i bergensområdet har prognosar om store rekneskapsunderskot i 2024. Dette gjeld også nasjonalt.
- 60 prosent av dei norske kommunane går mot underskot dette året. Vi må ta inn over oss at det skjer store endringar i demografien (samansetjinga av befolkninga) og at vi ikkje får meir pengar frå Oslo. Eg har stor tru på at vi skal klara dette i Øygarden, men vi må halda fram med omstillinga. I dag kan vi lytta, stilla spørsmål og koma med innspel som kan vurderast vidare, sa ordføraren.
Kommunedirektør Johnny Breivik viste til at 69 prosent av kommuneutgiftene er løn og at lønsutgiftene må ned. Han viste til trendar i Øygarden med auka utgifter til barnevern, økonomisk sosialhjelp og vikarutgifter i Helse og velferd. I eigedom og drift vert det arbeidd med omstilling som skal sikra godt vedlikehald.
- Skal vi frigjera 30 prosent av eigedomsskatten, må innsparingstiltaka vera større enn nye tiltak. Dersom ikkje, går ikkje dette i hop. Vi må snu alle steinar og sjå korleis vi driv dette. Skal vi kjøpa tenester eller driva dei i eigen regi og skal vi eiga eller leiga? Vi må ta ein gjennomgang av tilskot og medlemskap. Men vi må også ha høve til å satsa og utvikla oss.
Ifølgje Breivik kan ein gjennom Framtidssamfunnet prioritera område som velferd og omsorg, mobilitet, energi og grøn omstilling og informasjon og kunnskapsdeling.
- Vi må gjera vår del av jobben, og det er det vi har invitert til i dag, sa han.
Her kan du følgja møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke