- Vi kjenner det på oss når barn vert ramma

Dette året går inntektene frå TV-aksjonen til arbeidet med å etablera familiehus i regi av Barnekreftforeningen. Leiar av den kommunale TV-aksjonskomiteen, Ernst Einarsen, er trygg på at innsamlinga dette året vil skapa stort engasjement.

Julia Valeska Woehlert og Ernst Einarsen framfor rådhuset. - Klikk for stort bileteJulia Valeska Woehlert og Ernst Einarsen vil gjerne ha fleire bøsseberarar.

Sjølve innsamlingsdagen er 20. oktober. Det vert likevel gjennomført fleire innsamlingstiltak i forkant. Inntektene går til å etablera familiehus for barn med alvorleg sjukdom og familiane til barna. Dermed kan barn med alvorleg sjukdom og resten av familien bu saman medan barnet er under behandling. Les meir om TV-aksjonen her.

- Vi veit alle kva som rører seg i oss når barn vert ramma av alvorleg sjukdom. Heile familien vert sterkt involvert. Når desse familiehusa vert etablerte nær sjukehusa rundt om i landet, kan dei kreftramma barna og dei næraste ha eit familieliv, seier Ernst Einarsen.

Treng fleire bøsseberarar

Det har dei siste åra vore utfordingar med å skaffa nok bøsseberarar og rodeleiarar. I denne omgang handlar det først og fremst om å få folk til å melda seg som bøsseberar sundag 20. oktober. Det er framleis høve til å melda seg. Det er fint om folk melder seg innan 17. oktober. 

- Det er ting som tyder på at vi har mista nokre bøsseberar i løpet av koronaperioden. Mange vil setja pris på å få besøk sjølv om dei ikkje har tilgjengeleg kontantar. Dørbesøket vert gjerne ei påminning om å senda pengar via Vipps eller SMS. På bøssa er det ein QR-kode som kan skannast og koplast opp mot TV-aksjonen, forklarar Einarsen.

Rådgjevar for frivilligheit, Julia Valeska Woehlert, seier at pengar som vert vippsa eller sendt via SMS vert registrerte geografisk i den kommunen du er i.

- Skal du vera heilt sikker på at gåvene skal verta registrert for bustadkommunen din, kan du oppretta spleis. Sjølv om du har vipps, ha gjerne kontantar tilgjengeleg denne dagen. Vi treng bøsseberarar i heile kommunen, men behovet er størst på Litlesotra, seier Valeska Woehlert. 

Utfordrar næringslivet

Den 18. oktober samarbeider kommunen med Vest Næringsråd om ringeaksjon på rådhuset. Ein ringegjeng kontaktar næringslivet direkte og oppmodar om å støtta TV-aksjonen.

- Erfaringsmessig ligg gåvene frå fem tusen til 15 tusen kroner. Eg har stor tru på at næringslivet støttar opp om TV-aksjonen også i år, seier Ernst Einarsen.

Det vert også gjennomført fleire innsamlingstiltak rundt om i kommunen, til dømes innsamlingsløp på skular.
Under TV-aksjonen i 2023 samla bøsseberarane inn 93,6 millionar kroner i løpet av to timar sundag ettermiddag. 40 millionar kroner var i kontantar. Resten kom inn via Vipps.

Her kan du melda deg som bøsseberar.

Kontaktinfo:

Tekst og foto: Vigleik Brekke