- Vi likar å arbeida med menneske

Måndag og tysdag denne veka hadde 39 nye lærlingar sitt første møte med Øygarden kommune som arbeidsgjevar.
- Ta vare på lærlingplassen du har fått, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han ønskte alle dei nye lærlingane velkomen måndag morgon.

Brian Bjorøy og Amalie Hustvedt framfor Rong kulturhus - Klikk for stort bileteBrian Bjorøy og Amalie Hustvedt er klare for å ta fatt på læretid i Øygarden kommune.

Lærlingane har no hatt to år på vidaregåande skule, dei fleste på Sotra vidaregåande skule. Brian Bjorøy og Amalie Hustvedt er spente på to år med læretid i kommunen. Amalie Hustvedt skal ha lærlingperioden på somatisk avdeling på Sundheimen. Ho kjem frå Forland og har dermed ikkje så lang veg til arbeidsplassen.

- Det er godt å koma i jobb og tena seg nokre kroner. Eg er ganske trygg på å få jobb når eg har teke fagprøve. Dette er ei god erfaring å få med meg vidare.

- Kvifor valde du helsefagarbeidarfaget?

- Eg elskar å arbeida med menneske. Eg har arbeidd på Lyngheia bufellesskap og Blombakkane og kan  arbeida både med både unge og eldre, seier Amalie som ser fram til praksisen på Sundheimen. Amalie har dei to første åra på Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund.

Brian Bjorøy bur på Bjorøyna og har valt barne- og ungdomsarbeidarfaget. Han også tykkjer det er bra å koma i arbeid og tena pengar. Han er klar for praksis i Bjorøy barnehage.

- Kvifor valde du barne- og ungdomsarbeidarfaget?

- Eg opplever meg som flink til å arbeida med menneske og visa kjærleik og omsorg overfor barna. Eg har arbeidd i barnehage og der kan eg vera eit førebilete for barna, seier Brian som også har hatt to år på Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund.

Lærlingane hadde dette året startsamlingane i Rong kulturhus - Klikk for stort bileteLærlingane hadde dette året startsamlingane i Rong kulturhus.

- Du er viktig

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at som lærling er du ein del av ein verdikjede.

- Dersom du ikkje er der, forsvinn kanskje den teneste du skal yta. Sjølv har eg bakgrunn frå hotellbransjen. Som sjef der understreka eg alltid at dei viktigaste på hotellet var reingjeringspersonalet. Du vel sjølv korleis du skal ta imot kunnskapen. Det er viktig å sjå dei menneska som dei er, sa ordføraren som understreka kor viktig det er å ta vare på lærlingplassen.

Kommunalsjef for Organisasjon og sikkerheit, Anne-Merete Vabø Haugane, helsa lærlingane på vegner av kommunedirektør Johnny Breivik. Ho viste til at kommunen har etablert eit leiingskompass med verdiane stolt – på lag – modig – med glød.

- Hugs at du er god nok som du er. Vi vil gjerne gje deg gode opplevingar og at du er med på laget vårt. Ta vare på gløden – alle har ein glød inni seg. Ta på deg «jobbfjeset» ditt og bli god på det du jobbar med. Hugs også at fråvær er vanskelegare i arbeid enn når du er elev, sa kommunalsjefen.

Frå venstre; Jouli Hajjar (barne- og ungdomsarbeidarfaget), Maren Mjøs Singstad (barne- og ungdomsarbeidarfaget) og Hamdi Amar Warsama (helsefagarbeidarfaget). - Klikk for stort bileteFrå venstre; Jouli Hajjar (barne- og ungdomsarbeidarfaget), Maren Mjøs Singstad (barne- og ungdomsarbeidarfaget) og Hamdi Amar Warsama (helsefagarbeidarfaget).

Det er lærlingkoordinator Linda Haugstad som har hovudansvaret for å organisera arbeidet med lærlingar i Øygarden. Det er no totalt om lag 100 lærlingar i kommunen. På måndag ønskte ho velkomen lærlingar desse faga i Øygarden kommune: barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsefagarbeidarfaget/menn i helse, IT-driftsfaget og service- og administrasjonsfaget.

- Dette minner meg om då eg som rektor tok imot nye elevar. Det var grådig kjekt. Eg er trygg på at dette skal verta godt for den enkelte, sa ho til dei nye lærlingane.

På samlingane dei to dagane var det informasjon frå Fagforbundet og Delta, MOT og kva som er nytting å vita om roller og ansvar som lærling. Det var også informasjon om korleis ein kan melda om avvik og forslag til forbetring, om sjukemeldingsordninga og kompetansemål i læretida.

Her er fleire bilete:

Barne- og ungdomsarbeidarfaget - Klikk for stort bilete
Service- og administrasjonsfaget - Klikk for stort bilete
IT-driftsfaget - Klikk for stort bilete
Menn i helse - Klikk for stort bilete
Helsefagarbeidarfaget - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke