Frå konserten på innbyggartorget og biblioteket på laurdag.«Småtrall» er ei songbok der barna i barnehagen og saman med familien heime kan bruka meir tid til song. Til kvar song er det illustrasjonar og ein eigen QR-kode som lenkjer til songen, der du kan høyra songen både med tekst og utan tekst. Eitt eksemplar av boka er fordelt til alle barnehageavdelingane i kommunen.
- Vi er sikker på at det er trengst ei slik bok. Vi vil gjerne ha songen tilbake på fanget, og at det vert brukt mindre tid framfor skjermen, seier Åshild Eriksen som saman med kollega i kulturskulen, Erika Kroken har gjeve ut denne songboka.
I tillegg har dei to gjeve ut «Musikalsk kokebok» med 30 musikksamlingar for dei som jobbar i barnehagen eller med andre barnegrupper.
Kjende barnesongar
På konserten med Øygarden kulturskulekor på laurdag fekk dei frammøtte lytta til og vera med og syngja kjende barnesongar som Bæ, Bæ lille lam, Mikkel rev, Bjørnen sover, Jeg gikk en tur på stien og Fader Jakob. Jazzpianist Eirik Breivik Minde bidrog til å gjera dette til ei flott musikalsk oppleving.
- Dette var gøy, seier dei tre kormedlemene (frå venstre); Oda Straume Våge, Filippa Lillebø Skår og Mia Straume Våge.- Det er så gøye tekstar på desse songane. Det gjer ingenting om dette er gamle songar, seier Mia Straume Våge (4a).
- Det var jo ekstra gøy at vi tre fekk syngja saman i ein trio framfor koret, medgir Filippa Lillebø Skår som har kjøpt boka.
- Det er ein QR-kode på alle songane. Då kan vi lytta til songane både med og utan tekst. Eg likar best å syngja «Bukkene Bruse», seier Oda Straume Våge (4a).
Boka er gjeve ut på Øy forlag med Håkon Syrstadeng og Kenneth Halland Bø som forleggjarar. Boka er illustrert av Krisztina Kákkkau Nagy frå Ungarn.
- Illustrasjonane er svært viktige. Erika fekk kontakt med illustratøren i Budapest. «Småtrall» er eit ledd i arbeidet med at Øygarden er ein Syngjande kommune. Vi ønskjer å arrangera fleire konsertar der barnehagebarna er med og syng. Det er også aktuelt å arrangera fleire opne konsertar, seier Åshild Eriksen.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke