- Vi treng kunnskap om tilboda frå kommunen

Fredag var siste Beste Årgang-samling for 77-åringar i Øygarden.
- Det er fint å få samla informasjon om kva tilbod kommunen har til oss, seier Gerd Erdal som bur på Tjeldstø.

Mat og prat er viktig på desse samlingane. Frå venstre; Audhild Jensen, Gerd Erdal, Bernt Eivind Jensen og Eva Sylvi Bøe. - Klikk for stort bileteMat og prat er viktig på desse samlingane. Frå venstre; Audhild Jensen, Gerd Erdal, Bernt Eivind Jensen og Eva Sylvi Bøe.

30 kjærleiksbarn var samla på Rong kulturhus i dag (29. september). Årets 77-åringar er fødde eitt år etter at andre verdskrigen var over. Det vart fødd over 70 tusen barn i 1946. Dette var det høgste fødselstal nokosinne.

Totalt er tre hundre heimebuande 1946-modellar i Øygarden utan omfattande hjelpebehov inviterte til dei fire samlingane. På Beste Årgang får dei frammøtte informasjon om vegen til kvardagsglede, betydninga av aktivitet og trening, god ernæring, tryggleik og meistring.

- Eg brukar ikkje tid på datamaskinen til å finna ut kva kommunen kan tilby. Eg vil ut i hagen. Difor er det fint å få eit "puff" om dette, seier Gerd Erdal.

- Dette er gull verdt. Det er jo litt vanskeleg å finna informasjon, og då er det fint å få innblikk i dei ulike tilboda kommunen har. Den dagen eg verkeleg treng hjelp, er det godt å ha oversikt, seier Eva Sylvi Bøe.

Fjerdemann rundt bordet, Bernt Eivind Jensen, meiner også samlinga er nyttig, men nyanserer det litt.

- Det vert snakka om førebygging. Men kva skal eg førebyggja? Det vert skapt eit inntrykk av at vi treng hjelp, men stort sett klarer folk seg bra på vår alder. Det eg helst vil ha er ny veg mellom Kolltveit og Ågotnes, seier Bernt Eivind Jensen.

Fysioterapeut Silje Algrøy fekk forsamlinga med på øvingar. - Klikk for stort bileteFysioterapeut Silje Algrøy fekk forsamlinga med på øvingar.

Kvardagsglede

Hanne Hjortland er konsulent i førebyggjande heimebesøk i Øygarden. Ho fortel at det har vore fire samlingar; to på Straume, eitt i Skogsskiftet og det siste på Rong i dag. På Rong var det 77-åringar frå Ågotnes og nordover som var inviterte. 

Hjortland snakka om kvardagsglede.

- Kvardagsglede er å vera merksam, aktiv, å halda fram med å læra, knyta band og å gje til andre, sa ho.

Rådgjevar på Aksjonssenteret på Øygarden lokalmedisinske senter, Merethe Boge, orienterte om Aksjonsenteret  som har ope klokka 08.00 – 15.00 måndag til fredag (tlf. 55 09 70 00).

Fysioterapeut Silje Algrøy snakka om aktivitet og trening.

- Problemet er at vi vert for stillesitjande. Fysisk aktivitet gjev betre fysisk helse. Ikkje bli sitjande, men skaff deg gode vanar! oppmoda Algrøy.

Janniche H. Engebretsen informerte om Friskliv og meistring som har ei rekkje kurs og treningsgruppe. Det vart også gjeve matnyttige råd til seniorar, fallførebygging, tryggleik og velferdsteknologi, brannsikring og framtidsfullmakt.

Her er fleire bilete:

Deltakarar i gruppe - Klikk for stort bilete
Deltakarar i gruppe - Klikk for stort bilete
Deltakarar i gruppe - Klikk for stort bilete
Hanne Hjortland - Klikk for stort bilete
Jannicke Hatland Engebretsen - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke