Vidarefører samarbeidet med idretten og kulturen

- Ein avtale som dette gjer det enklare for oss. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at kommunen i dag (26. februar) underteikna samarbeidsavtale med Øygarden idrettsråd og Øygarden musikk- og kulturråd.

Frå venstre; Oddvar Monslaup (leiar i idrettsrådet), ordførar Tom Georg Indrevik, Oddvar Rebnord (leiar i musikk- og kulturrådet) og konstituert kultursjef Yngvild Wiese. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Oddvar Monslaup (leiar i idrettsrådet), ordførar Tom Georg Indrevik, Oddvar Rebnord (leiar i musikk- og kulturrådet) og konstituert kultursjef Yngvild Wiese.

Dei to råda og Øygarden kommune fornyar med dette ein samarbeidsavtale ein har hatt eit par års tid. Formålet er å ha ein tett og god dialog med idretten og kulturen og at dette skal styrkja eit nødvendig samspel mellom desse aktørane.

Det går tydeleg fram av avtalane at saker som gjeld idrett og kultur først og fremst skal fremjast gjennom desse råda.

Idrettsrådet er eit fellesorgan for idretten, organisert i Norges Idrettsforbund gjennom idrettskrinsane og underlagt lovane og vedtektene til forbundet. 

- Vi ønskjer at idrettslaga først skal ta opp saker med idrettsrådet og at ein kan følgja dette opp overfor kommunen. Vi har faste brukarmøte, og det kan verta aktuelt å ta opp meir felle prinsipielle spørsmål på desse møta, seier leiar av idrettsrådet Oddvar Monslaup.

Talerøyr

Også Øygarden musikk- og kulturråd er oppteken av at rådet kan vera eit talerøyr overfor kommunen. Rådet  skal leggja til rette for kultur og kulturelle aktivitetar og utvikling som førebyggjande folkehelsearbeid, trivsel og attraktive fritidstilbod, i tillegg til gode oppvekst- og levevilkår.

I avtalen står det at saker som både medlemmer og ikkje-medlemmer av kulturrådet ønskjer å fremja for kommunen, og som er av felles interesse for kulturlivet, skal formidlast til kommunen gjennom kulturrådet.

- 137 lag og organisasjonar er medlemer i musikk- og kulturrådet og representerer eit stort mangfald. Eg oppmodar medlemene til å ta opp saker med oss som vi kan gå vidare med til kommunen, seier leiar Oddvar Rebnord.

Ordførar Tom Georg Indrevik forventar at medlemene Øygarden idrettsråd og Øygarden musikk- og kulturråd sluttar opp om råda.

- Dette er den viktigaste kontaktflata vi har mot idretten og kulturen. Difor er det så viktig at medlemene i råda engasjerer seg og løftar opp aktuelle saker, seier ordføraren.

Her kan du lesa avtalane. (PDF, 2 MB)


Tekst og bilete: Vigleik  Brekke