- Viktig for kystfiskarane

Måndag føremiddag spadde ordførar Tom Georg Indrevik singel over grunnsteinboksen for å synleggjera at no startar arbeidet med fiskerilager i Porsvika.

Ordførar Tom Georg Indrevik la ned grunnsteinboksen som inneheld teikningar, prosjektmateriell, reiskapar, munnbind mot korona, biletbok og dagens aviser. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik la ned grunnsteinboksen som inneheld teikningar, prosjektmateriell, reiskapar, munnbind mot korona, biletbok og dagens aviser.

Etter ein anbodsrunde, har Byggmester Markhus fått tilslaget med å byggja lageret innanfor ei kostnadsramme på 14,1 millionar kroner. 

Prosjektleiar i kommunen, Remi Vabø opplyser at det kommunaleigde lageret skal leigast ut kystfiskarar for lagring av utstyr. 

- Vi ønskjer å vera ein næringsvennleg kommune. Fleire av dei lokale kystfiskarane har ikkje eigen hamn og tilfredsstillande lager. I april er lageret klar til bruk, seier Vabø.

Dei lokale fiskarane ser fram til å få gode lagringsforhold.

- Vi har behov for å lagra utstyr innandørs. No lagrar vi utstyret i kassar på kaien. Nøtene får lengre levetid med betre lagringsforhold, seier Anton Trellevik som var ein av fiskarane som var med på grunnsteinnedlegginga måndag.  

Fiskarane ser fram til betre lagringsforhold. Frå venstre; Anton Trellevik, Mats-Erik pedersen og Kristoffer Trellevik. - Klikk for stort bileteFiskarane ser fram til betre lagringsforhold. Frå venstre; Anton Trellevik, Mats-Erik Pedersen og Kristoffer Trellevik.

Fiskar Mats-Erik Pedersen seier at den siste tida har det vore fiska hestmakrell lokalt her i fjordane. 

- I februar/mars er det klart for garndrift. Ut på vårparten handlar det om sei og skrei utanfor kysten i nord, seier han.

- Vi har eit godt fiskerimiljø lokalt her, seier fiskar Kristoffer Trellevik.

Før ordførar Tom Georg Indrevik la ned grunnsteinen understreka han behovet for å leggja til rette for små og mellomstore fiskebåtar. Dette bidreg også til at dei lokale fiskarane kjøper tenester lokalt. 

- Det gjer det enklare for dei som har båtar her. Denne investeringa er viktig handling også symbolsk, sa han.

Dagleg leiar i Byggmester Markhus, Kaya Markhus Skjold, takka for tilliten og at selskapet fekk tilslaget. Bedrifta har om lag 150 tilsette og har hovudbase på Kokstad.

- Vi er veldig fornøgde med å få tilslaget. Vi gler oss til å koma i gang, sa Markhus Skjold.

Her er fleire bilete:

Dagleg leiar i Byggmester Markhus, Kaya Markhus Skjold - Klikk for stort bilete
Gruppe deltakarar - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Prosjektleiar Remi Vabø - Klikk for stort bilete
Utstyr på kaien - Klikk for stort bilete
Fiskarar og båtar - Klikk for stort bilete
Grunnsteinboksen - Klikk for stort bilete


Tekst og bilete: Vigleik  Brekke