Viktig kunnskap for arbeidet med arealplanen

Kommuneplanutvalet fekk tysdag presentert oppsummering av medverknadsmøta i dei tre kommunedelsentera tidlegare i haust. Rundt 100 personar deltok på dei tre samlingane på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. 

Frå møtet i kommuneplanutvalet 22. oktober. - Klikk for stort bileteFrå møtet i kommuneplanutvalet 22. oktober.

Tidlegare har det også vore møte i fleire lokalsenter. Samfunnsplanleggjar Eli Fosso opplyste at om lag 100 personar deltok på dei tre møta, dei fleste på samlinga på Rong. Det er kome inn 12 innspel til planen utanom det som kom fram på møta. Hovudtema på dei tre møta var trivsel, natur og sjø, bustadtilbod, tenestetilbod, mobilitet og trygg ferdsel, universell utforming og uterom og møteplassar. 

- I denne omgang ønskte vi i større grad å få fram kva som er viktig for innbyggjarane enn kva dei manglar. Vi skulle gjerne hatt fleire deltakarar og tilbakemeldingar, men alle som har uttalt seg skal verta høyrde, sa Fosso.

Det er mykje samanfallande tilbakemeldingar frå dei tre møta. Når det gjeld tenestetilbod er innbyggjarane opptekne av helsetenester, handel og kultur- og fritidstilbod. Fleire saknar tannlegetilbod i kommunedelsentera. Det er også eit generelt ønske om betre kollektivtilbod og tryggare ferdsel.

På Ågotnes var dei frammøtte opptekne av natur og tilgang til natur og sjø, industrihistoria, sterkt og lokalt næringsliv og gode og trygge arbeidsplassar. Det er mellom anna behov for betre tilbod til seniorar og rimelegare familiebustader. Her skulle ein gjerne hatt tannlegeteneste, bibliotek og kino. 

Frå arbeidsmøtet på Ågotnes 24. september. - Klikk for stort bileteFrå arbeidsmøtet på Ågotnes 24. september.

For innbyggjarane på Rong kom det fram at tilgang til natur og sjølv, tilbod knytt til Hjeltefjorden fjordpark og idrettsanlegga er noko det vert sett stor pris på. Viktige tenester er helsetenester, skule, barnehage, handel og kollektivtilbod. Det er ønske om meir variasjon av storleik, plassering og pris på bustader. Uterom og møteplassar, betre trafikksikring og tilgang til natur er noko innbyggjarane ønskjer skal prioriterast.

I Skogsskiftet kom det fram at helsetenester, handel og kultur og fritidstilbod er viktig. Her saknar ein mellom anna kafé/restaurant og gode uterom, gangfelt og fleire overgangsfelt.

Oppsummert viser tilbakemeldingane at trivselen har noko lågare skår på kommunedelsentera enn i lokalsentera. Når det gjeld tenestetilbod, er innbyggjarane på kommunedelsentera noko meir tilfreds med det dei har. Generelt er det låg skår på mobilitet og trygg ferdsel. Det er ønske om mindre bilbasert sentrumsutvikling med uterom for mjuke trafikantar.

Fleire medlemer i kommuneplanutvalet takka administrasjonen god og grundig jobb med samlingane.

- Vi har fått innspel som forventa i kommunedelsentera. Det er bra det vi har fått, sa Nina Glesnes (Sotralista-TVØ).

Leiar i utvalet, Svein Otto Jacobsen, sakna fleire tilbakemeldingar frå innbyggjarar i alderen 25 til 45 år.

- Jamt over opplever eg at variasjonane mellom kommunedelsentera er ganske små, sa Jacobsen.

Andre orienteringar 

På møtet i kommuneplanutvalet var det også orientering om korleis vatn og avlaup påverkar utviklinga i kommunen (v/ ØyVAR), arbeidet med planvask og presentasjon av kunnskapsgrunnlaget om naturverdiar, landbruksverdiar og friluftsverdiar i Øygarden.

Her kan du lesa om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke