Vil byggja heildøgnsplassar på Straume

Kommunestyret vedtok torsdag samrøystes at parkeringshuset og tomta det står på ved Fjell sjukeheim, vert gjort om til areal for heildøgnsplassar. Kommunen utlyser ein pris- og designkonkurranse med funksjonsskildring og romprogram som skissert i scenario 2 i saka. 

Frå behandlinga av saka om bygging av heildøgngsplassar på Straume. På talarstolen; Ernst Einarsen (H) - Klikk for stort bileteFrå behandlinga av saka om bygging av heildøgngsplassar på Straume. På talarstolen; Ernst Einarsen (H).

Det vert fremja eiga sak til levekårsutvalet med funksjonsskildring for inntil 80 plassar og romprogram som grunnlag i ein pris- og designkonkurranse. Modellen må sikra rask framdrift for etablering av heildøgnsplassar i tråd med planlagt opptrapping. Det vert bedt om at det blir vurdert å innarbeida ein parkeringskjellar i bygget eller andre aktuelle løysingar i området.

I saka er det vurdert tre scenario for utbygging. Det er open pris- og designkonkurranse – totalentreprise med samspel, delvis låst pris- og designkonkurranse – totalentreprise med samspel og OPS-konkurranse (OPS: Offentleg, privat, samarbeid). Formannskapet sluttar seg altså til innstillinga frå kommunedirektøren om å utlysa ein pris- og designkonkurranse med  funksjonsskildring og romprogram som skissert i scenario 2 i saka.

I saksutgreiinga går det fram at framskrivingar viser ei tredobling av innbyggjarar over 80 år i 2040 samanlikna med i dag. Kommunedirektøren skriv i saka at kommunen i størst mogleg grad må leggja til rette for at flest mogleg kan bu trygt i eigen heim. I gjeldande økonomiplanperiode er det løyvd til saman 235,2 millionar kroner til nye omsorgsplassar. Difor går saka vidare til kommunal- og disriktsdepartementet for endeleg avgjerd.

Godkjente plan for næringsareal på Eide   

Kommunestyret godkjente samrøystes områderegulering av næringsareal på Eide. Planområdet er på nærare 2 300 dekar og ligg 3,5 kilometer sør for Ågotnes.

Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for marin næring sør på Eide-halvøya, vidareføra dagens arealbruk nord på Eide og forbetra infrastrukturen. Førebelse analysar peikar i retning av at næringsområdet kan gje arbeidsplass til om lag 3 500 tilsette ved full utbygging.

Etter behandling i plan- og miljøutvalet er det funne løysing på motsegn frå Vestland fylkeskommune. Det er også halde meklingsmøte med Statsforvaltaren. Motsegn når det gjeld manglande konsekvensutgreiing i kommuneplan vart trekt i møtet. Det står att to uløyste motsegn til planen, som gjeld ROS og førekomst av hubro i planområdet. Difor går saka vidare til endeleg avgjerd i kommunal- og distriktsdepartementet.

I saka skriv kommunedirektøren at han tilrår planen vert godkjend med dei innarbeidde endringane som går fram av saksutgreiinga. Endringane etter høyring ligg etter kommunedirektøren si vurdering innanfor ramma av endringar som kan gjerast utan nytt offentleg ettersyn.

Ved endeleg vedtak av områderegulering av næringsareal på Eide vert reguleringsplan for Eide industriområde og reguleringsplan for Eide industriområde oppheva. 

MDG føreslo å utsetja saka og sjå planane i samanheng med arbeidet med ny arealplan for kommunen. I forslaget heitte det vidare at det samla behovet for næringsareal må kartleggast og sjåast i samanheng med anna tilgjengeleg areal med mindre grad av konflikt. Utsetjingsforslaget fekk fem røyster (MDG, Sp, Raudt og SV) og fall.

Klagar på vedtak om reduksjon av båtrutetilbod

Kommunestyret vedtok samrøystes å klaga på vedtak i fylkesutvalet knytt til båtruta mellom Knappskog og Geitanger. Vedtaket vert grunngjeve med at saka manglar konsekvensutgreiing ved nedlegging i når det gjeld innbyggjarane på øya og handtering av renovasjon, post, skuleskyss etc.

I juni vedtok kommunestyret å inngå avtale med Vestland fylkeskommune for å sikra framleis drift av båtruta mellom Knappskog og Geitanger. I etterkant er føresetnadene endra ved at ruteproduksjonen vert redusert til eín tur pr. veke og at kommunen sjølv må finansiera eventuelt rutetilbod utover dette. 

På bakgrunn av dette vedtok kommunestyret altså å klaga på vedtaket i fylkesutvalet.

Marianne sandahl Bjorøy på talarstolen. - Klikk for stort bileteMarianne Sandahl Bjorøy (Ap) fremja fellesforslag om å klaga på vedtaket i fylkesutvalet om båtrute til Geitanger.

Ja til skisse for drift av Fjell festning

Kommunestyret sluttar seg til skisse for vidare drift av Fjell festning. Dette inneber at stiftinga Fjell festning held fram med nye vedtekter. 

Øygarden skal ta eit større ansvar for drift og utvikling av området, og stiftinga og kommunen inngår i fellesskap avtale med ein profesjonell museumsaktør som skal driva og utvikla museumsverksemda.

Skissa inneber også at det vert oppretta eit venelag som skal organisera frivillig arbeid knytt til festningsområdet og å skaffa støtte og finansiering til tiltak på området.

I vedtaket heiter det konkret at kommunestyret sluttar seg til skissa for vidare drift av Fjell festning og ber kommunedirektøren følgja ho opp overfor Stiftinga Fjell festning, Sotra og Øygarden  forsvarsforening og andre partar. Dersom det viser seg at den skisserte løysinga ikkje fører fram, står kommunen fast på vedtaket frå mai om at stiftinga bør leggjast ned og at kommunen er villig til å overta eigedomane stiftinga eig no.

Vidarefører ramme for avtale med Vest Næringsråd (VNR)

Det vart vedteke å ta saka om revidert partnarskapsavtale med VNR til orientering og å gje kommunedirektøren fullmakt til å inngå partnarskapsavtale i samsvar med rammene som er skissert i denne saka.  
Inklusive 1,5 millionar kroner i tilskot til Gründerparken Vest og 200 tusen kroner til Øygardskonferansen, vert det årlege tilskotet til VNR 2,45 millionar kroner. 

I saka skriv kommunedirektøren at dei økonomiske rammene for avtalen er føreslått uendra, men partnarskapsavtalen er tydelegare på forventningane til bruk av løyvingane. I denne samanheng er bidrag til Framtidssamfunnet, planlegging og gjennomføring av Øygardskonferansen og drift av Grunderparken Vest (GPV) viktige element. Kommunedirektøren meiner det er viktig å evaluera GPV i nær framtid for å sikra effektiv drift av GPV.

Avhendar fleire selskap

Kommunestyret vedtok revidert eigarskapsmeldinga slik ho låg føre. Kommunedirektøren får fullmakt til å oppdatera eigarskapsmeldinga kontinuerleg ved eventuelle endringar i eigarporteføljen eller styrerepresentasjon. 
Konsekvensen av vedtaket er at tre eigarskap vert avhenda og eitt selskap vert avvikla. Dette vart gjort ved vedtak i eigne saker. 

  • Eigarskapet i Scalpro AS, der kommunen eig 0,13 prosent, vert avhenda gjennom sal av aksjar. 
  • Eigarskapet i Norsk Bane AS, der kommunen eig 0,10 prosent, vert avhenda.
    Eigarskapet i Ågotnes næringspark AS, der kommunen eig 21,05 prosent, vert avhenda. Formannskapet skal vera orientert om verdivurderingane før det vert teke endeleg avgjerd.
  • Sambygg AS, der kommunen eig 80 prosent, vert avvikla.

Tilleggsavtale om fellesoffentlege infrastrukturtiltak Straume - Sartor Holding 

Kommunestyret godkjente tilleggsavtala «Utbyggingsavtale for Straume Sentrum, G3 og G4, Nygata». Kommunestyret gir kommunedirektøren fullmakt til å gjennomføra avtalen, og foreta utbetaling i tråd med denne.

Andre saker

  • Kommunestyret vedtok at Øygarden kommune søkjer om å delta i ei forsøksordning i 2024 og 2025 for startlån til førstegongsetablerarar og at kommunen tar opp eit lån på 20 millionar kroner frå Husbanken for vidare utlån knytt til forsøksordninga i 2024.
     
  • Finansrapport per 30 september 2024 vart teken til orientering slik han låg føre.
     
  • Det vart vedteke at Øygarden kommune garanterer med sjølvskuldnargaranti for lån på 153,5 millionar kroner som ØyVAR AS tar opp til investeringar innan vatn og avløp. 
     
  • Kommunestyret vedtok at det skal haldast eíndagsval ved stortingsvalet i 2025. Valdagen er 8. september.
     
  • Kjell Alvheim får fritak som medlem i eldrerådet, og Helene Fjeldsaune Sæle får fritak som medlem i ungdomsrådet. Øyvind Strandheim vert nytt medlem frå Pensjonistforbundet til 
    eldrerådet. Eldrerådet. Oliver Skaar vert nytt medlem (opprykk frå 1. varaplass) til ungdomsrådet.


Syngjande kommune

Øygarden kommune er med den nasjonale songsatsinga Syngande kommune. Kommunestyret fekk ein minikonsert med Hallaisikken med Elin Hestenes og Kristine Bjånes og elevar på Foldnes skule.*

- Det å syngja i lag er svært god folkehelse. Syng i dusjen og i bilen. Det er godt for kroppen og den mentale helsa, sa Elin Hestenes til dei folkevalde.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete



 

Tekst og foto: Vigleik Brekke