- Vil gjerne jobba endå meir

Alla Skuchypets var ein av dei hundre deltakarane på jobbmessa i lokala til Øygarden vaksenopplæring tysdag. 
- Eg tar fleire jobbdrag, seier Alla frå Lviv i Ukraina og som har jobba på Sundheimen sidan juni i år. På jobbmessa deltok ho på speed date med ISS. 

Alla Skuchypets - Klikk for stort bileteAlla Skuchypets er klar for å jobba endå meir.

Alla bur på Eide saman med svigerfar og to barn. Ho kom til Noreg i juni 2023 og fortel at ho har det svært godt her i Øygarden kommune. Mannen jobbar i Ukraina. 

I sommar hadde jo jobb dagleg på Sundheimen. No jobbar ho tre-fire gonger i veka på kjøkenet og lagar bagettar, vaskar opp og gjer andre kjøkentenester.

- Eg trivst svært godt på Sundheim. Eg har veldig gode kollegaer og ein kjekk sjef som hjelper meg i jobben. Eg nærmar meg avslutning på introduksjonskurset. Eg tykkjer det er krevjande med fleire dialektar, og eg må læra meg meir norsk, seier Alla Skuchypets.

Ein av deltakarane på jobbmessa i samtale med Tore Torsvik, Hadis Heydarian og Noor Saad frå Time2Staff. - Klikk for stort bileteEin av deltakarane på jobbmessa i samtale med Tore Torsvik, Hadis Heydarian og Noor Saad frå Time2Staff.

Tore Torsvik i Time2Staff har gode erfaringar med å delta på jobbmessa. Han er på plass saman med kollegaene Noor Saad og Adis Heydarian. På sist jobbmesse var det 30 deltakar som laga eigen jobbprofil på Time2Staff.

- Vi har 1 500 kundar i heile Noreg, og 36 tusen arbeidstakarar nyttar appen vår til å få jobboppdrag. Arbeidstakarane lagar eigne profilar, og det vert formilda kontakt mellom kunde (bedrift) og arbeidstakar. Vi formidlar jobbar i hotell, restaurant- og cateringbransjen, seier Torsvik.

I sommar tilsette Time2 Staff ein medarbeidar frå Ukraina som bur i Øygarden.

- Ho gjer ein kjempejobb og har lært seg norsk på rekordtid, seier Tor Torsvik.

Her er fleire bilete:

Det var prosjektmedarbeidar i Ukrainaprosjektet, Kirsten Syljeset, som ønskte velkomen til jobbmesse. - Klikk for stort bilete
Alla Skuchypets på speed date med ISS - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


 
Tekst og foto: Vigleik Brekke