Eidehalvøya sett frå sør (Google earth)Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for marin næring sør på Eide-halvøya, vidareføra dagens arealbruk nord på Eide og forbetra infrastrukturen. Førebelse analysar peikar i retning av at næringsområdet kan gje arbeidsplass til om lag 3 500 tilsette ved full utbygging.
Etter at planen har lege ute til offentleg ettersyn og høyring fram til 15. september har Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland lagt ned motsegn til planen. Det er ikkje funne semje på motsegnene, og saka vert lagt fram til sluttbehandling med tilråding om mekling. Tilrådinga frå plan- og miljøutvalet inneber at planen vert godkjend med dei innarbeidde endringane som går fram av saksutgreiinga.
Ved endeleg vedtak av områderegulering av næringsareal på Eide vert reguleringsplan for Eide industriområde og reguleringsplan for Eide industriområde oppheva.
Nestleiar i utvalet, Michael Sangolt (H) takka administrasjonen for arbeidet som er gjort med denne planen. Han meinte at denne dagen var ein milepåle for kommunen.
- Dette er eit næringsområde og utviklingsområde som kommunen treng. Det gjev eit godt potensiale for utbygging fasevis. Eg håpar at ein i meklinga kjem fram til eit godt resultat til slutt og kan sluttbehandla saka i kommunestyret i oktober, sa Sangolt.
Saka går til behandling i kommunestyret.
Startar opp arbeid med bussnusløyfe på Torsvik
Utvalet vedtok å starta opp arbeidet med å etablera einsidig bussnusløyfe ved Husdalen på Torsvik innanfor ei ramme på 10 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Sartor Drange AS har fått oppdraget med å gjennomføra tiltaket.
Vestland fylkeskommune har løyvd eín million kroner til prosjektet gjennom tilskot til fysiske trafikktryggingstiltak. Statnett tek kostnadane for dei ulempene og meirkostnadane prosjektet vil få ved at eksisterande 300 kilovolt høgspentkabel ligg tett inntil regulert bussnusløyfe.
Utvalsleiar Børge Haugetun (Sotralista-TVØ) gav uttrykk for at det er viktig å koma i gang med dette tiltaket.
- Tiltaket har vore etterspurt. Det er positivt at ein nå kan inngå kontrakt og kan få fullført tiltaket fram mot sommaren, sa Haugetun.
Andre saker
Plan og miljøutvalet slutta seg til kommunedirektøren sitt forslag til høyringsuttale til forslag til endringar i plan- og bygningslova og kart og kartplanforskrifta.
Utvalet behandla to klagesaker.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Abo PLan og Arkitektur