Ungdomsrådet
Arkivfoto
Ungdomsrådet var samla til møte 22. april.
Ungdomsrådet er oppteke av at det ikkje må førekoma noko form for påverknad, overstyring eller organisering av elevrådet i regi av lærarar og administrasjon. Ved val av representantar frå kvar klasse til elevrådet må valet gjennomførast skriftleg og anonymt, med mindre det berre er eín kandidat.
- Lærarar skal ikkje favorisera nokon kandidatar. Elevar skal ha høve til å halda valtalar under valprosessen. Representantar til elevrådet skal veljast direkte av alle elevar, heiter det i uttalen.
Ungdomsrådet presiserer at medlemene i elevrådet skal velja leiar, nestleiar og sekretær. Agitasjon, påverknad og overstyring frå andre enn elevar må ikkje førekoma under valprosessen.
- Elevane må også ha rett til å ha møte utan at lærarar, administrasjon og andre utanforståande er med, meiner ungdomsrådet.
Saka med lokale forskrifter omfattar tre forskrifter;
- Forskrift om skulereglar og skuledemokrati for Øygarden kommunale skular
- Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa i Øygarden kommunale skular
- Forskrift om hovudmål for Øygarden kommunale skular
Saka skal til sist behandlast i kommunestyret.
Trafikktryggleiksplan
Ungdområdet gav også innspel til trafikktryggleiksplan for Øygarden kommune 2025-2029.
Rådet ønskjer at det vert gjeve obligatorisk trafikkopplæring i grunnskulen og arrangert trafikksikringsdagar saman med naudetatane og vegvesenet. Ungdomsrådet tilrår også at det vert innført eit premieringssystem for bruk av refleks og at det vert arrangert møte for foreldre og barn saman med mål om trygg skuleveg, inkludert visualisering av refleksbruk i mørke.
Handlingsplanen for 2025
Etter forslag frå leiar Konrad Ørn vart det vedteke å leggja inn ei rekkje punkt i handlingsplanen for 2025.
Dette er:
Psykisk helse og meistring
Ungdomsrådet skal fremja tiltak for å auka søvn og redusere stress blant ungdom (f.eks. pilotprosjekt med seinare skuletid, stressmeistringskurs i ungdomsskule).
Rusførebyggjande arbeid
Ungdomsrådet vil jobba for fleire rusfrie møteplassar og arrangement for ungdom, særleg i helgane. Ungdomsrådet skal delta i planlegginga av informasjonstiltak og kampanjar om rus og helseskadeleg bruk av nikotinprodukt (snus/vape).
Skule og utdanning
Ungdomsrådet skal arbeida for at fleire praktiske fag og "livsmeistring"-tema vert ein del av timeplanen – t.d. matlaging, helse, økonomi, førstehjelp. Ungdomsrådet vil løfta fram behovet for betre vaktordningar eller mobbeombod som er lett tilgjengelege for elevar med utfordringar.
Fritid og tilgjenge
Ungdomsrådet vil jobba for at fleire aktivitetar i kommunen skal vera gratis eller ha lågare deltakaravgift (t.d. idrett, kulturskule, kurs). Ungdomsrådet skal kartleggja behovet for fritidstilbod på tvers av funksjonsvariasjon og bustadstad – og arbeida for eit meir inkluderande fritidstilbod.
Demokrati og deltaking
Ungdomsrådet skal laga ein årleg ungdomsundersøking om kva tema ungdom i kommunen bryr seg om. Resultatet skal presenterast for kommunestyret. Ungdomsrådet skal styrkja rolla til elevdemokratiet.
Kommunikasjon og profilering
Ungdomsrådet skal jobba for å profilera seg sjølv betre i sosiale medium.
Tekst og foto: Vigleik Brekke