Vil ikkje avslutta sak om fastlandssamband

Plan- og miljøutvalet tilrådde samrøystes på torsdag å be om få tilbake ei sak om fastlandssambandet Lerøyna/Bjelkarøyna-Hjellestad i første kvartal 2026. Ifølgje utvalet vil dette gje tid for avklaringar som kan vera relevante for vidare utvikling i saka.

Unge politikarar engasjerte seg i saka om fastlandssamband Lerøyna/Bjelkarøyna-Hjellestad, Ole Iben Vårdal (H) og Rebekka Bjelkarøy Modøen (Ap). - Klikk for stort bileteUnge politikarar engasjerte seg i saka om fastlandssamband Lerøyna/Bjelkarøyna-Hjellestad, Ole Iben Vårdal (H) og Rebekka Bjelkarøy Modøen (Ap).

Kommunedirektøren hadde innstilt på at kommunen ikkje skal arbeida vidare med fastlandssambandet og at saka vert avslutta. Dette vert mellom anna grunngjeve med at i ei tid, med knappe ressursar, vil det framover vera avgjerande å prioritera bort arbeid som ikkje forsvarar ressursbruk eller gjev tilstrekkeleg samfunnsnytte.

Tidlegare Sund kommune har i mange år arbeidd med å få til eit fastlandssamband til desse øyane. Hindringane har vore mange. På møtet gav Ole Iben Vårdal (H) eit historisk tilbakeblikk på saka.

- Det har vore ønske om fastlandssamband heilt tilbake til 60-åra. Vi kan ikkje la dette prosjektet gå frå oss, sa han.

Rebekka Bjelkarøy Moldøen (Ap), som har foreldre og besteforeldre som har vakse opp på øya, støtta også forslaget om å be om å få tilbake ei sak. Ho var også oppteken av at ferjesambandet, som no er gratis å reisa med, prioriterer dei fastbuande.

Saka skal vidare til endeleg behandling i kommunestyret.

Eigedomsstrategi

Plan og miljøutvalet tilrår å ta eigedomsstrategien slik han ligg føre. Kommunedirektøren vert beden om å revidera eigedomsstrategien i 2026, og å sikra at eigedomsstrategien bygger opp under konkretisering av målsettingar i framtidig strategisk plan for klima og miljø.

I tilrådinga vert kommunedirektøren beden om å koma tilbake med ei sak våren 2025 som  omhandlar gjennomføringsmodell for framtidig eigedomsarbeid. I saka skal det skisserast kva  for oppgåver som bør vera i eigen organisasjon, og kva for oppgåver kommunen vil vera tent  med å gje til eksterne aktørar. Saka skal også omhandle alternative måtar oppgåver kan settast  ut til eksterne.

Saka vert avgjort i kommunestyret.

Tilrår å selja fleire eigedomar

Plan- og miljøutvalet rår til at ei rekkje kommunale eigedomar vert fristilte for sal. Kommunedirektøren skal koma tilbake med oversyn over eigedomar som kan seljast som resultat av dette arbeidet. Plan- og miljøutvalet skal få oppdateringar på framdrifta i møte den 28. april og 30. oktober 2025. Utvalet slutta seg samrøystes til eit framlegg frå Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ.

Oversyn over eigedomar utvalet tilrår å selja :

  • Sal av kurssenteret i Skogsskiftet. 
  • Sal av Bildøybakken.
  • Den gamle brannstasjonen på Tjeldstø vert tilbydd selt til Øyvar.
  • Sal av Bjørkestølen 32 når nye Fjell ungdomsskule på Bildøyna står klar. 
  • Avventar til vedtak for arealdelen til kommuneplanen før ein avgjer framtida til gamle Glesnes barnehage.
  • Avventar områdeplanen for Bildøy før ein avklarar kva som skjer med gamle Bildøy barnehage. Eigedommen vert selt om områdeplanen opnar for bustader. 
  • Administrasjonen går i dialog med Algrøy grendelag for å overføra allaktivitetshuslokalitetane i bygget til grendelaget. Behov for riving av skuledelen vert vurdert og spelt inn til budsjett 2026. 
  • Administrasjonen går i dialog med Klokkarvik grendelag og interessegruppa for etterbruk av skuledelen for overføring av grendehusdelen og potensielt skuledelen. Riving av skuledelen vert spelt inn til budsjett 2026 om dialog ikkje førar fram. 
  • Tomta som Tussetjødna barnehage er etablert på, vert halden i kommunalt eige for framtidig utnytting. 
  • Tomt bak kommunedelsenteret i Skogsskiftet vert detaljregulert. Salspotensialet vert vurdert etter at reguleringsplan føreligg. 
  • Sal av areal som er regulert til fylkesveg på gnr/bnr 150/290 og gnr/bnr 150/291 til Vestland fylkeskommune. 
  • Tomt for forsamlingbygg i Apalvågen vert tilbydd selt til Sekkingstad vel for takst. Kommunen skal sikra tilkomst til kommunal kai og slipp, og eige tilkomsttrase til desse.
    Tilrådinga frå plan- og miljøutvalet er identisk med innstillinga frå kommunedirektøren med fire unnatak.


Dei fire eigedomane som framleis skal vera i kommunal eige er:

  • Parkeringsplass i Rong sentrum
  • Tomt for ny skule i Møvik
  • Gamle Tjeldstø barnehage
  • West-teambygget
     

Tilrådinga vart gjort med røystene til Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ og INP. Arbeidarpartiet og Senterpartiet røysta for innstillinga frå kommunedirektøren.

Saka vert avgjort av kommunestyret.

Avsluttar saker

Plan- og miljøutvalet vedtok å avslutta sak om detaljregulering for rorbuer i Fjellspollen og detaljregulering for Turøyna hyttefelt.

Utvalet behandla eí klagesak.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument og sjå møtet i opptak på kommune-TV.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke