Vil oppretta vikarpool

Administrasjonsutvalet tilrår at det skal etablerast ein kommunal vikarpool for sektorane Helse og velferd og Oppvekst frå 1. september. Heilårskostnaden er 2,7 millionar kroner.

Frå møtet i administrasjonsutvalet tysdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i administrasjonsutvalet tysdag. Møtet vart leia av Marianne Sandhal Bjorøy (Ap).

Øygarden kommune har gjort fleire vedtak som handlar om tiltak for å redusera sjukefråvær, redusera vikarbruk og innføra ordningar for fleksibel bruk av tilsette. I denne samanheng er det føreslått å etablera ein kommunal vikarpool. 

Kommunen skal tilby fast tilsetjing for fem fagarbeidarar til fagområdet helsearbeidarar og barne og ungdomsarbeidarar. I denne omgang vil tre av fagarbeidarar ha helsefagutdanning, medan to vert rekrutterte frå barne- og ungdomslærlingane. Målsetjinga er at det er fem fagarbeidarar tilgjengelege til ei kvar tid i vikarpoolen. Vikarane skal i hovudsak dekkja dei korte vikariata mellom to veker og tre månader. Dette vil ha ein årskostnad på 2,7 millionar kroner.

I tillegg skal det tilsetjast rådgjevar/koordinator i 100 prosent stilling i kommunalsjefområdet Oppvekst og ein rådgjevar/koordinator i 50 prosent stilling innan kommunalsjefområdet Organisasjon og samfunnssikkerheit. Dette vil kosta om lag 1,2 millionar kroner og skal dekkjast innanfor gjeldande budsjett.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Opptrappingsplan med mål om heile faste stillingar

Øygarden kommune arbeider med fleire tiltak for å auka delen av heiltidstilsette. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som arbeider med ulike tiltak for å skapa meir forståing for og bringa meir kunnskap om heiltidsarbeid i organisasjonen. Tal frå KS (fellesorganisasjon for kommunane) viser at delen heiltidstilsette i kommunal sektor har hatt ein auke i perioden 2014 til 2022 frå 49,4 til 59,1 prosent.
Administrasjonsutvalet tok saka til orientering.

Andre saker i administrasjonsutvalet

  • Avviksstatistikk alle kategorier Øygarden kommune
    Avviksstatistikk 1. kvartal 2022 og 2023 vart teken til orientering

     
  • Medarbeidarundersøking 10-faktor 2023  Les meir her.
    Administrasjonsutvalet tok saka til orientering

     
  • Revisjon av administrativt delegeringsreglement
    Reglementet vart teken til orientering

     
  • Oppfølging av ADM-vedtak om tilsetjingstilhøve for private avlastarar
    Saka vart teken til orientering.

     
  • Lønspolitikk for Øygarden kommune
    Det vart vedteke at «Lønspolitikk, Øygarden kommune 01.06.-01.06.25» skal erstatta lønspolitisk plan til ny revisjon er gjort etter hovudforhandlingane i 2024.

     

Tekst og foto: Vigleik Brekke