Vil oppretthalda brukar- og pårørandeutval

Eldrerådet ønskjer å halda fram med brukar- og pårørandeutval i omsorgstenesta. Det går fram av tilrådinga på møtet torsdag. Kommunedirektøren har tilrådd å leggja ned utvalet med verknad frå 1. juli og at råd for personar med funksjonsnedsetjing tek over det arbeidet som var lagt til brukar- og pårørandeutvalet.

Frå møtet i eldrerådet 30. mai. - Klikk for stort bileteFrå møtet i eldrerådet 30. mai.

I tilrådinga, som vart fremja av leiar Egil Haaland, heiter det også at målsetjingane må klargjerast bere for medlemene i utvalet. Råda skal i følgje vedteke reglement ikkje uttala seg om saker som gjeld enkeltmenneske. Eldrerådet ser det difor som konfliktfylt dersom råda skal dekkja dei målsetjingane som var sett for utvalet. 

Dersom ikkje tilrådinga frå eldrerådet får fleirtal, støttar rådet eit framlegg frå Jan Utkilen om at leiar og nestleiar for både rådet for personar med funksjonsnedsetjing og eldrerådet, og i tillegg eit oppnemnd medlem frå kvart råda som frå 1. oktober i år skal ivareta arbeidet som tidlegare var lagt til brukar- og pårørandeutvalet innan omsorgstenesta.
Leiar i eldrerådet Egil Haaland seier at det er vanskeleg å sjå grunngjevinga for nedlegginga.

- Utvalet har vore i drift i kort tid, og evalueringa frå medlemene vert oppfatta som positiv, seier han.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. 

Ønskjer døgnopen drift av aksjonssenteret

Eldrerådet drøfta sak om evaluering av bruk og effekt av aksjonssenteret. Eldrerådet tar saka om aksjonssenteret til orientering.

Det vart fremja forslag (tilrådingar) frå Egil Haaland, Jan Utkilen og Berit Anita Knudtsen Larsen. Alle forslaga vart vedtekne. 

I tilrådinga frå eldrerådet går det mellom anna fram at det allereie i år må etablerast ei døgnopen drift av aksjonssenteret som tidlegare vedteke og at dette vert samordna med Øygarden legevakt. Det må samstundes arbeidast vidare med å  leggje til rette for bruk av ny velferdsteknolog i heimetenestene.

I tilrådinga frå eldrerådet går det mellom anna fram at erfaringa med auken i talet på personar som tar kontakt viser at behovet for tenestene er etterspurt og kan bidra til betre kvardag for heimebuande. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Framtid organisering av bustadsosialt arbeid

Det vert også tilrådd å starta arbeidet med framtidig organisering av bustadsosialt arbeid i Øygarden kommune slik det går fram av saka. Det er tilrådd å etablera eit bustadkontor som eit to-årig pilotprosjekt. 

Eit tilleggsframlegg frå Egil Haaland fekk sju røyster og vart vedteke. Der peikar eldrerådet på at omsorgsbustader ikkje må verta ståande ubrukte, men stillast raskare til disposisjon for nye bebuarar. Eldrerådet legg til grunn at tildelingskriteria for kommunale utleige- og omsorgsbustader vert lagde fram for råda i tilstrekkeleg tid til forsvarleg saksbehandling. Tilvisingsavtalar må vurderast nytta i større omfang for å sikra tilstrekkeleg nybygging av bustader for eldre. Låne- og tilskotsordningar i Husbanken må gjerast betre kjent for alle aktuelle søkjargrupper.

Jan Utkilen hadde eit alternativt forslag som fekk ei røyst og fall.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Medverkar i arbeidet med lokalsenter- og bygdestrategiar

I samband med arbeidet arealdelen til kommuneplanen vert det i desse dagar gjennomført  innspelsmøte i dei sju lokalsentera i kommunen. Det er utarbeidd ei eiga sak som handlar om korleis dei tre råda (ungdomsrådet, råd for personar med funksjonsnedsetjing og eldrerådet) kan engasjera i arbeidet med lokalsenter- og bygdestrategiar.

Kommunedirektøren bad om at råda mobiliserer dei målgruppene dei representera til å delta på innspelsmøta som blir arrangert i lokalsentra våren 2024 og at råda inviterer og mobiliserer sine målgrupper til å gjennomføra gjestebod. Hausten 2024 presenterer administrasjonen funn frå medverknadsarbeidet i råda. Råda skal då uttal til kunnskaps-/drøftingsgrunnlaget før politisk handsaming og vedtak av prinsipp for arealbruken i lokalsentra. Frist for å senda innspel som gjeld lokalsentra er sett til 23. juni 2024.

Det vart vedteke ei tilleggspunkt i tilrådinga om at eldrerådet ser det som viktig at innbyggjarane får medverka. Eldrerådet har utfordring med å få organisert medverknad sidan det er kort tid før fristen går ut. Medlemene i rådet skal gjera det kjent i eige nærmiljø. Rådet vil bidra aktivt utover hausten i denne saka.

Ny forskrift om politivedtekter

Eldrerådet har ingen innspel til ny forskrift om politivedtekter som ligg ute til høyring.

Open halvtime

  • Tema i open halvtime var mellom anna korleis eldrerådet kan bidra til å få fleire tydelege vaksne rundt Sartor Storsenter og ønske om at alle råda å få tilsendt vekerapporten som kommunestyret får tilsendt kvar veke. 
  • Det vart også vedteke ein uttale knytt til ordninga med levering av varm mat. Der heiter det at eldrerådet ber om at spørsmålet om behovsprøvd levering av varm mat vert vurdert med heimel i lovene til helse- og omsorgstenestene. 
  • Elles ønskjer eldrerådet at det vert utarbeidd ei oversikt over kva tilbod og tenester som det er tilbod om gjennom kommunen og frivillige organisasjonar som bidreg til at bebuarane kan bu lengst mogleg heime.
  • Basecamp etterlyser fleire vaksne rundt senterområdet på Straume. Dette vert marknadsført på Aktiv+, Allsong og via frivillige organisasjonar. 


Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke