Ernst Einarsen (H) vil presisera oppgåvene til samarbeidsutvala på skulane.- Eg har fått tilbakemeldingar frå medlemer i samarbeidsråda som har lurt på kva dei skal driva med. Desse råda er dei viktigaste organa vi har i skulen og skal ta seg av overordna vurderingar av det beste for skulen. Difor bør vi presisera oppgåvene deira, sa Einarsen.
Levekårsutvalet vedtok samrøystes eit tilleggspunkt (fremja av Einarsen) om at samarbeidsutvalet bør uttala seg om alle saker som gjeld skule, til dømes ordensreglementet på skulen, utviklingsplanar for skulen, forslag til budsjett, plan for skule-heim-samarbeid, kvalitetsmeldinga, trafikktilhøva til og frå skulen, skuleskyss og planar for ombygging og vedlikehald av skuleanlegga.
Elles slutta levekårsutvalet seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å leggja ut tre forskrifter på offentleg høyring. Det er forskrift om skulereglar og skuledemokrati for Øygarden kommunale skular, forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa for Øygarden kommunale skular og forskrift om hovudmål for Øygarden kommunale skular.
Prioriterte spelemidlar
Levekårsutvalet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren i saka om prioritering av spelemidlar for 2025. Prioriteringa er basert på at dei eldste søknadene kjem øvst. For søknader motteke same år, vert private anlegg prioritert framfor kommunale anlegg. Høgast søknadsbeløp kjem først.
På dei tre første plassane på lista kjem kunstgrasbane Spildepollen, rehabilitering kunstgras Nesemyra og garderobeanlegg Ågotnes idrettsanlegg. Nedanfor er det lenkje til innkalling og saksdokument der med heile prioriteringslista. Saka går til kommunestyret.
Retningslinjer for tildeling av kommunal bustad
Levekårsutvalet tilrår retningslinjer for tildeling av kommunale bustader slik det er presentert i saka, men gjorde to endringar.
Etter forslag frå Roberg Kaupang Sæle (H) vart det samrøystes vedteke å stryka ordet «nøktern» i formålsparagrafen slik at det blir slik: Etter søknad kan innbyggjar få leige ein eigna kommunal bustad, samstundes som det vert arbeidd for at innbyggjar på sikt skal få etablert seg i eigen bustad.
Utvalet slutta seg til eit forslag frå Espen Cornell Jacobsen (Ap) i pkt. 4e i retningslinjene om kriterium om å erstatta formuleringa «Ha eit manglande, eller utilfredsstillande bu-forhold» med «Ha eit manglande, eller utilfredsstillande bu-forhold og som av sosiale, helsemessige eller økonomiske tilhøve, vert rekna som vanskelegstilte på bustadmarknaden».
Cornell Jacobsen fekk ikkje fleirtal for at det skal utarbeidast eiga sak slik eldrerådet har føreslått.
Kommunestyret avgjer saka.
Skal modernisera kvalitetsmeldingar for grunnskulen
Levekårsutvalet vedtok å endra kvalitetsoppfølgingsarbeidet og oppsettet i kvalitetsmeldinga i tråd med det er som er skildra i saka. Arbeidarpartiet fekk ikkje fleirtal for eit forslag om å ta vekk «Driftsutgifter pr. elev» i kvalitetsmeldinga.
Alternativ opplæring i skulen.
Levekårsutvalet tilrår å slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om at omfanget av kjøp av alternative opplæringstilbod vert vidareført på dagens nivå. Skulane vert stimulerte til å utvikla ein meir praktisk og variert organisering og undervisning i samsvar med nasjonale føringar. Vidare vert det teke initiativ til eit samarbeid med eksternt fagmiljø ( HVL ) om ei evaluering av den alternative opplæringa. Resultat av evalueringa vert lagt fram for levekårsutvalet.
Utvalet er samd med ungdomsrådet om at det bør leggjast til rette for tettare samarbeid med fylkeskommunen for å sikra god overgang mellom ungdomsskule og vidaregåande skule for elevar som har delteke på alternativ opplæringsarena.
Kjell Rune Garlid (Sotralista-TVØ) fekk ikkje fleirtal for eit forslag om å få vurdert om det kan opprettast eit kommunalt alternativ opplæringstilbod i eksisterande skuler som ikkje er i bruk.
Saka går til kommunestyret.
Kompetanseheving i barnehagar og skule
I denne saka omtalar kommunedirektøren kompetanseløftet i Øygarden som har tre hovudsatsingar. Det er «Språkkommunen Øygarden», «Nærvær og inkludering i barnehage og skule» og «Inkluderande spesialpedagogikk i barnehage og skule». Målet er at kommunen får god nok kompetanse til å gje ein inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle.
Levekårsutvalet tok saka til orientering og slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren. Det inneber at levekårsutvalet vil følgja dei tre overordna satsingsområda for kompetanseheving i barnehage og skule vidare. Levekårsutvalet kan be om sak om ny utgreiing av den overordna satsinga for kompetanseheving i barnehage og skule i Øygarden kommune på eit seinare tidspunkt.
Skjenkeløyve
Torsvikhuset EVent AS fekk innvilga fast alminneleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1,2 og 3 for Huset Spiseri på Rong Senter.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her er opptak frå møtet (kommune-TV).
Tekst og foto: Vigleik Brekke