Vil starta arbeidet med arealdelen til kommuneplanen

Kommuneplanutvalet tilrår at arbeidet med arealdelen til kommuneplanen vert starta opp og at dette skjer gjennom eit strategisk planprogram. Etter planen skal arealdelen vera endeleg vedteken våren 2027.

Frå møtet i kommuneplanutvalet 12. desember - Klikk for stort bileteFrå møtet i kommuneplanutvalet 12. desember.

Kommuneplanutvalet var tysdag samla til sitt første møte i kommunevalperioden. I tilrådinga til kommunestyret heiter det at det strategiske planprogrammet både skal ta for seg rammene for planarbeidet og prinsipp for arealpolitikken. Framdriftsplanen med mål om vedtak av arealdelen til kommuneplanen innan sommaren 2027 skal leggjast til grunn for arbeidet.  

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

I saksutgreiinga vert det understreka at samfunnsdelen til kommuneplanen med sine mål, samfunns- og arealstrategiar skal leggja føringar for korleis viktige samfunnstema skal løysast i arealdelen. Det vert også behov for å konkretisera og spissa nokre av desse føringane ytterlegare.

I saksutgreiinga er det lista opp ei rekkje tema som bør vera med i det strategiske planprogrammet. Det skal gjennomførast tematiske arbeidsmøte i kommuneplanutvalet i 2024. Det vert også truleg behov for treffpunkt og eigne arbeidsmøte i kommunestyret i løpet av 2024 og 2025 for å få politisk forankra prinsipp og vedta desse tverrpolitisk. 

Lisbeth Selstø i areal-og samfunnsplan orienterte om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. - Klikk for stort bileteLisbeth Selstø i areal-og samfunnsplan orienterte om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.

Det skal også utarbeidast ein informasjonsplan som skal visa planlagde medverknadsaktivitetar. Kommunedirektøren skriv i saksutgreiinga at forslaget til planprosess med strategisk planprogram vil leggja eit godt grunnlag for vedtak av ny arealdel til kommuneplanen for Øygarden kommune innan sommaren 2027. 

Den første delen av utvalsmøtet var sett av til opplæring. Utvalsmedlemene gav uttrykk for at dette vert eit spennande og utfordrande arbeid som krev mykje arbeid og godt samarbeid.

Svein Otto Jacobsen (Frp) leiar utvalet, medan Beate Bjelland (H) er nestleiar. 

Her kan du lesa saksdokumenta til møtet. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke