Vil stimulera til raskare omstilling

Allereie den første dagen tok tusenvis turen til HavExpo 2026 på Straume i Øygarden. Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss snakka om utvikling av både havbruk og fisker, men at omstilling er nødvendig.
- Sjømatnæringa er stor og viktig for Noreg, sa ministeren på opningsdagen tysdag.

Frå venstre; fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, fylkesordførar Jon Askeland og ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, fylkesordførar Jon Askeland og ordførar Tom Georg Indrevik.

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at han er stolt og glad for at HavExpo er lokalisert her i Øygarden.

- Her er innovasjonskraft som skal sikra vekst og utvikling. Vi må fortelja heile landet at dette skjer her. Med vekst og utvikling  vert det tilført skatteinntekter og fleire arbeidsplassar. Eg oppmodar dykk til å besøka firma og standar du gjerne ikkje kjenner til, sa ordføraren.

Verdsklasse

Det var fylkesordførar Jon Askeland som stod for den offisielle opninga av HavExpo i fotballhallen på Straume.

- Her er Noreg i verdsklasse.  Vi spelar kvarande gode gjennom desse arrangementa. La oss verta endå betre saman. Eg har forventning til det nye systemet for havbruksregulering. Vestland fylke vil bidra, sa fylkesordføraren før han erklærte messa for offisielt opna.

Frå fotballhallen - Klikk for stort bileteFrå fotballhallen

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss sa at miljø og fiskevelferd skal vera ein naturleg del av den daglege drifta. 

- Det er eit mål å auka verdiskapinga, men vi må i større grad sjå på heilskapen. Vi vil stimulera til raskare omstilling. Utslepp av lakselus har ein kostnad. Vi ser på om tapsavgift kan gje betre fiskevelferd og mindre rømming. Men inntil vidare gjeld dagens reglar, mellom anna ordninga med trafikklys, sa ministeren.

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss får vandrekval frå fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen - Klikk for stort bileteFiskeriminister Marianne Sivertsen Næss får vandrekval frå fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen

Vandrekval

Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen fekk ein vandrekval utforma i tre av plastinnsamlingsentusiast Kenneth Bruvik som vart levert vidare til fiskeri- og havrettsministeren.

- Vandrekvalen har vore til inspirasjon for direktoratet. Eg håpar kvalen vil verta til inspirasjon for departementet også, sa Bakke-Jensen. 

Ministeren var vel kjent med dette. Ho kom rett frå Landro skule der ho hadde fått innføring i deira plastinnsamlingsprosjekt.

Fiskeridirektøren sa at tilgang på eigna areal er ei nøkkelrolle for havbruksnæringa.

- Livet i havet er eit felles ansvar. Vi treng eit samspel mellom næringa, kommunen og statlege aktørar, sa han.

Viktig møteplass

Øygarden var også representert på messa, mellom anna ved kommunen, Vest Næringsråd, Panorama Hotell & resort, Stora Gruppen og Liegruppen. 

Administrerande direktør i Liegruppen, Bjarne Haldorsen, representerer det einaste fiskebåtreiarlaget som hadde eigen stand på HavExpo.

- Vi ønskjer å støtta opp om eit så stort arrangement lokalisert her. Her treffer vi mange leverandørar, og vi opplever at dette er ein viktig møteplass. Vi synleggjer fiskerinæringa, og eg trur mange vert overraska over det dei ser, seier direktøren.

Administrerande direktør i Liegruppen, Bjarne Haldorsen  - Klikk for stort bileteAdministrerande direktør i Liegruppen, Bjarne Haldorsen

Liegruppen har 50 fiskarar på lønningslista i tillegg til mange andre tilsette i gruppa.

- Vi har oppmoda dei tilsette i Liegruppen til å møta opp på messa, seier Bjarne Haldorsen.

Her er fleire bilete:

Salgssjef på Panorama Hotel & Resort, Anette Skutle - Klikk for stort bilete
Frå HavExpo - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen - Klikk for stort bilete
Fylkesordførar Jon Askeland - Klikk for stort bilete
Børge Haugetun, Svein Otto Jacobsen (leiar kommuneplanutvalet) og dagleg leiar i Vest Næringsråd Kari-Anne Landro. - Klikk for stort bilete
Kommunikasjonsansvarleg i Vest Næringsråd Anders Ekanger og næringssjef i Øygarden kommune Marianne Furheim - Klikk for stort bilete
Liegruppen hadde eigen stand på messa. Frå venstre; repr. frå Nordea, Peder O. Lie og Bjarne Haldorsen - Klikk for stort bilete
Anita Vindenes, Sotra Gruppen - Klikk for stort bilete
Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss - Klikk for stort bilete
Rikard Ledang i Sotra Gruppen og leiar i Castle Hills Jan Vindenes - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke