Vil styrkja fritidstilbod, trivsel og psykisk helse

Ungdommens kommunestyre (UKS) ønskjer at fritidstilbodet og nærmiljøet skal styrkjast. Det går fram av innspela ungdomspolitikarane kom med på møtet tysdag då budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027 stod på dagsorden.

Frå møtet 26. september. - Klikk for stort bileteFrå møtet 26. september.

Dei tre utvala (råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF), eldrerådet og ungdommens kommunestyre) er inviterte til å koma med innspel til budsjettet og økonomiplanen. Innspela vert tekne med i det vidare budsjettarbeidet. Budsjettet vert til sist vedteke i kommunestyret 21. desember.

Når det gjeld satsingsområdet om å styrkja fritidstilbod og nærmiljø, ber UKS om at det må leggjast til rette for eigeinitierte aktivitetar på dei enkelte skulane etter skuletid. Ein må også styrkja alternative fritidsaktivitetar i utkantane/bygdene, jf. plan for kultur, idrett og frivilligheit.

Det andre satsingsområdet er skulemiljø og trivsel på skulen. Konkret ønskjer UKS meir midlar til  sosiale og uformelle aktivitetar og møteplassar i skuletida, spesielt for nye elevar i starten av skuleåret (fadderordning/velkomstveke) på tvers av klassar/klassetrinn. Det må også sikrast inkluderingsaktivitetar og avbrekk i skuledagen.

Når det gjeld det siste satsingsområdet, psykisk helse, ber UKS om at det vert tilgjengeleg fleire helsesjukepleiarar og miljøterapeutar på skulane. Ungdomspolitikarane ber også om at det vert meir undervisning om psykisk helse og informasjon om kva lågterskel tilbod som finst i kommunen.

Nettverksamling for ungdomsråd

Håkon Øvretveit og Oskar André Heggelund vart valde til å representera UKS på nettverksamling for ungdomsråd i Vestland fylke 21. og 22. oktober.

Dette var det siste ordinære møtet for UKS i denne valperioden. Torill Selsvold Nyborg har vore politisk kontaktperson i UKS.

- Det har vore veldig kjekt å vera saman med dykk, og de har vore aktive og flinke, sa varaordføraren.


Tekst og foto: Vigleik Brekke