- Det viktigaste for elevane er at dei er trygge på skulen. Det viser tilbakemeldingar frå elevane, sa Ingvill Kvalsnes Blom (KrF) under behandlinga av kvalitetsmeldinga for grunnskulen.I vedtaket heiter det at ein skal styrkja samarbeidet mellom mellomtrinnet og ungdomstrinnet gjennom fokus på grunnleggjande dugleikar på alle trinn opp til 9. trinn. Andre prioriteringar er vidareføring av satsingane «Språkkommunen Øygarden, «Nærvær og inkludering» og «Spesialpedagogikk for inkluderande praksis i barnehagen». Midlar til praktiske og varierte arbeidsformer i skulen må prioriterast vidare for å gje alle meistring på sitt nivå.
Kommunestyret presiserer at Øygarden kommune framleis skal utarbeida analysar som viser utviklinga for både læringsresultat og mobbing. Det skal ut frå desse analysane utarbeidast handlingsplan ved kvar skule som viser korleis ein tenkjer å arbeida vidare med funna, i samsvar med strategiane i planverktøyet vårt, «Framtidas skule». Utvalet ber om at mal for ny kvalitetsmelding for inneverande skuleår blir langt frå for utvalet i eiga sak før dialogen med skulane startar opp.
Arbeidarpartiet fremja eit eige punkt to som fekk 16 røyster og fall. Dette framlegget har ein del av det same som vart vedteke, men også formuleringar om mellom anna reduksjon av skulefråvær, skulevegring, «Trygg i fellesskap» og mobilbruk i barneskulane. Her kan du lesa heile framlegget. (PDF, 30 kB)
Kvalitetsmelding 2023-24 for grunnskulen i Øygarden kommune, som følgjer som vedlegg til saka, inneheld tal og statistikk og forteljingar frå praksis i skulane. Ulike sider ved kvaliteten vert presentert innafor områda læringsresultat, læringsmiljø og gjennomføring av vidaregåande opplæring. Arbeidet med implementering av “Plan for framtidas skule” er ein fast del av kvalitetsmeldinga.
Stian Oen (ap)Godkjente mandat og organisering av Framtidssamfunnet
Kommunestyret godkjente samrøystes mandat og organisering av Framtidssamfunnet slik det går fram av vedlagt skriv.
Framtidssamfunnet skal organiserast som eit prosjekt med formannskapet som styringsgruppe. Kommunen har ansvaret for finansiering og drift av den administrative delen, medan dei ulike tiltaka/enkeltprosjekta vert finansierte særskilt gjennom prosjektmidlar, tilskot og bidrag frå deltakarar.
I saksutgreiinga og mandatet går det mellom anna fram at eit sekretariat skal ha ansvaret for den daglege drifta. Framtidskomitéen skal ha eit overordna ansvar for Framtidssamfunnet og er sett saman av personar med ulik kompetanse og som representerer ulike delar av øygardsamfunnet. Ein prosjektjury skal vurdera tiltak og/eller prosjekt som skal testast ut i Framtidssamfunnet.
Kvartalsrapport
Kommunestyret tok kvartalsrapport for 2. kvartal (pr. 31.07.) til orientering og delte kommunedirektøren si bekymring for meirforbruket i ulike sektorar.
Kommunestyret vil disponera inntekter utover budsjett i eiga sak i samband med årsrekneskapen. Det vert peika på at det må gjennomførast tiltak for å bringa balanse mellom inntekter og utgifter, for å sikra at kommunen ikkje går med underskot i 2024.
I vedtaket heiter det vidare at kommunedirektøren må arbeida vidare med strukturelle endringar som kan få ned det varige utgiftsnivået. Dette inkluderer også løysningar i samarbeid med andre aktørar. Det vert bedt om at forslag vert fremja i samband med budsjettet for 2025.
- Kommunestyret stiller seg bak tiltaka som er omtala i rapporten, men ber kommunedirektøren i den grad det er mogleg å skjerma barn og unge. Kommunestyret ber formannskapet følgje utviklinga gjennom dei månadlege økonomirapportane, står det i vedtaket.
Eit tilleggsframlegg frå INP vart samrøystes vedteke. Der heiter det at kommunestyret ber om at nøkkelpersonell og leiing på Sundheimen vert inviterte til administrasjonsutvalet til ei orientering om erfaringar med auka grunnbemanning.
Mindretalet (16 representantar frå Ap, MDG, SV, Raud, Sp og INP) røysta for sitt framlegg der kvartalsrapport for 2. kvartal vart teken til orientering. Mindretalet ønskjer ikkje at det vert fremja eiga sak om brukarbetaling for transporttenester for menneske med nedsett funksjonsevne. Meirinntekter frå havbruksfondet skal nyttast til å dekkja nødvendige vikarutgifter innan tenestene helse og velferd og oppvekst. Tenester retta mot utsette barn og unge skal skjermast. Formannskapet vert bedt om å følgja utviklinga gjennom dei månadlege økonomirapportane.
Økonomisk status for Øygarden kommune pr. 31. juli viser eit meirforbruk på drifta på 39 millionar kroner for 2024 dersom det ikkje vert innført innsparingstiltak. Forventa meirinntekter på 20,5 millionar kroner bidreg til at rekneskapsprognosen for 2024 er ein minus på 15-19 millionar kroner.
Ordførar Tom Georg Indrevik oppmoda representantane om å vera bøsseberar under TV-aksjonen 20. oktober.Status ved krisesenter for Bergen og omegn og bemanningsbehov
Kommunestyret tok saka om auka bemanningsbehov til krisesenteret i Bergen og omegn til orientering. Handtering av økonomiske konsekvensar er innarbeidd i kvartalsrapport 2/2024.
Øygarden har avtale om krisesentertilbod gjennom deltaking i vertskommunesamarbeid for Krisesenter for Bergen og omegn. Krisesenteret har opplevd ein vedvarande auke i belegget og behovet for auka bemanning er kritisk. Dette gjeld også for krisesenter nasjonalt. Krisesenter for Bergen og omegn har verksemd fordelt på seks lokasjonar, der to av lokasjonane har døgnbemanning.
Krisesenteret har gjennomført ei ROS- analyse i januar 2024. Analysen avdekte at krisesentertilbodet nærmar seg uforsvarleg drift og at tilsette er utsette for stor belastning. Det er behov for å styrkja bemanninga med 7,6 årsverk, som utgjer i om lag 6,8 millionar i heilårsverknad. Konsekvensane for Øygarden kommune er ein auka kostnad på 299 400 kroner for 2024, med ein heilårsverknad på 580 400 kroner i 2025.
Løyvde ekstra til Fjell kyrkje
Kommunestyret løyvde 850 tusen kroner som restfinansiering av rehabilitering av Fjell kyrkje. Løyvinga vert finansiert ved bruk av ubundne investeringsfond. Løyvingane til kyrkjelege investeringar i 2025 vert tilsvarande redusert.
Ekstraløyvinga er nødvendig for å kunna nytta seg av tilskot på 5,85 millionar kroner frå kyrkjebevaringsfondet. Tidlegare er det løyvd 44 millionar kroner til rehabiliteringsprosjektet.
Vil utvida ramma for startlån
Det vart vedteke å ta opp eit ytterlegare lån på 50 millionar kroner frå Husbanken for vidare utlån (startlån).
Kommunen aukar dermed ramma frå 50 til 100 millionar kroner. Det viser seg at det er eit større behov for vidare utlån enn det som vart lagt til grunn i budsjettframlegget hausten 2023. Det er forventa at kommunen totalt vil låna ut om lag 100 millionar kroner fordelt på om lag 45 husstandar.
To klagesaker
Det låg føre to klagesaker til kommunestyret; 1) Detaljregulering for Storevarden, Rong, og 2) Detaljregulering for Ågotnes sentrum.
For begge sakene slutta kommunestyret seg til innstillinga frå kommunedirektøren og kan ikkje sjå at klagen inneheld nye opplysningar som tilseier ei omgjering av vedtaka i kommunestyret. Sakene vert difor sende over til Statsforvaltaren i Vestland til endeleg avgjerd.
Andre saker
- Øygarden kommunestyre tok finansrapport per 30. juni 2024 til orientering slik han låg føre.
- Nyval av vararepresentant til kontrollutvalet, fritak og nyval for politiske verv og val av representantar til representantskapet for Syns- og audiopedagogisk teneste Vestland.
- Møteplan for 2025
Møteplanen vart godkjend med dei endringar som er føreslått.
Tekst og foto: Vigleik Brekke