Vil vita korleis skuleelevane har det

Kontrollutvalet ber revisjonsselskapet Deloitte å sjå nærare på om skuleelevane i Øygarden har eit trygt og godt skulemiljø. 

Arkivfoto.  - Klikk for stort bileteArkivfoto. Frå tidlegare møte i kontrollutvalet. Vigleik Brekke

På møtet 24. oktober tinga kontrollutvalet ein forvaltningsrevisjon frå Deloitte. Rapporten skal etter planen vera klar før sommarferien neste år, og vil så koma opp til politisk handsaming i både kontrollutvalet og kommunestyret.
Leiar i kontrollutvalet, Stian Oen, seier at det tidlegare har kome fram at utviklinga går i feil retning når det gjeldt mobbetala i kommunen.

- Me hadde ein grundig gjennomgang i kontrollutvalet tidlegare i år, som resulterte i at me konkluderte med at trygt og godt skulemiljø for elevane i kommunen var det temaet me først vil ha gjennomført ein forvaltningsrevisjon på. Dette slutta også kommunestyret seg til, seier Oen.

Mellom spørsmåla som vert stilte i forvaltningsrevisjonen er om kommunen har mål, planar og tiltak for å sikra eit trygt og godt skulemiljø og i kva grad vert foreldre informert og involverte i arbeidet med skulemiljø? Det vert også stilt spørsmål om i kva grad skulane sikrar at elevar som ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, vert følgde opp.

- I kontrollutvalet ser me fram til å få detaljert, oppdatert og verdifull kunnskap om korleis skulemiljøet for elevane i kommunen er og korleis kommunen som skuleeigar jobbar med det, seier Stian Oen.

På møtet i kontrollutvalet vart det understreka frå Deloitte at det psykososiale skulemiljøet for elevane vert temaet for revisjonen selskapet no skal i gong med. Det betyr mellom anna at korkje skulevegane eller elevane si reise til og frå skulen vil vera ein del av det forvaltningsrevisjonen skal sjå nærare på.  

Her kan du lesa saksdokumenta til møtet.