Volda vart årets nynorskkommune – heider til Øygarden

Kultur- og likestillingsdepartementet har kåra Volda kommune som vinnaren av årets nynorskkommune. Øygarden kommune fekk heiderleg omtale for arbeidet med nynorsk.

Eitt av språktiltaka i Øygarden er digitalt språkkurs. - Klikk for stort bileteEitt av språktiltaka i Øygarden er digitalt språkkurs.

Prisen vart delt ut 13. oktober.

Språkrådet skriv på nettsida at dette året har juryen lagt spesielt stor vekt på arbeidet med lesing og litteratur. I grunngjevinga skriv juryen at Volda gjer ein stor innsats for nynorsk litteratur, og dei satsar langsiktig. 

Til dømes har ungdomsskulen hatt prosjektet «Nynorsk leseperiode» gåande i snart tjue år. I kommunen er det godt samarbeid med skulebibliotek, folkebibliotek, litteraturhus, Nynorsksenteret og andre for å fremja leseglede og interesse for bøker.

Heider til Øygarden

Volda hadde konkurranse frå fleire sterke nynorskkommunar, og også Øygarden får heiderleg omtale av juryen.

– Øygarden kommune brukar tid og ressursar på å styrkja nynorsken, og dei strekkjer seg lengre enn det ein kan forventa av ein kommune, seier Aasgaard.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar skriv på nettsida at det var fleire gode nominasjonar i år, og ein annan kommune vi ynskjer å gje heiderleg omtale er Øygarden. Øygarden kommune gjer tiltak som strekk seg utanom den vanlege drifta av ein nynorskkommune, og som krev tid og ressursar, men som er med på å styrkja nynorsken.

Juryen vil særleg trekkja fram dei digitale verktøya Øygarden har utvikla. «Meir enn bokstavar» er eit kurs i nynorsk for kommunalt tilsette, og Copilot-agenten Ordsmed-Ivar som hjelper dei tilsette med å skriva betre nynorsk.

Prosjektet «Språkkommunen Øygarden» viser korleis ein kan gjera språkarbeidet til ein del av satsingane for barnehage og skule.