Oppdatering 29.04
Som informert før helga, har Vigilo gjennomført større vedlikehald i løysinga. Dette har ført til store utfordringar i systemet. Vigilo har no vore stabil sidan kl. 09.15 i dag. Teknikarane hos leverandøren jobbar framleis med å løyse problema, slik at Vigilo skal fungere som normalt.
I periodar med stor pågang – til dømes om morgonen – kan brukarar likevel oppleve enkelte utfordringar.
Vi håpar at det no går rette vegen, men Vigilo kan enno ikkje friskmeldast heilt. Dersom de opplever ustabilitet eller at løysinga er utilgjengeleg, spesielt på morgonen, og de treng å formidle ei viktig beskjed, ta direkte kontakt med skulen, barnehagen eller SFO pr. telefon.
Vi beklagar utfordringane dette medfører, og takkar samstundes for tolmodet.