Kodetimen

Kvart år i desember blir kodetimen arrangert. Dette er eit internasjonalt arrangement som med formål om at flest mogleg elevar skal gjennomføre ein skuletime med programmering. 

I år var kodetimen i veke 49, men på grunn av julefestane gjennomførte vi den i veke 50. Vi har jo koding på timeplanen, så elevane møter koding dei fleste av vekene i skuleåret. Kodetimeopplegga er likevel litt annleis enn det vi gjer elles, så kodetimen er alltid litt gøy.

PC-skjerm - Klikk for stort bilete

I år har vi både brukt opplegga til Lær kidsa koding og til code.org. I tillegg har ein del av elevane gjennomført kodetimeopplegget i Minecraft Edu. Elevane har koda danseopplegg og fått minecraftfigurar til å bevege seg i code.org. I Minecraft Edu var årets opplegg Escape Estate, /rømingshuset - der elevane måtte løyse ulike oppgåver inne i eit herskapshus for å slette unna: "Prøv å unnslippe Dr. Breakowskis mystiske herskapshus før daggry i denne gratis Hour of Code-leksjonen. Løs gåter ved å bruke beregningstenkning for å låse opp hemmeligheter, åpne felledører og avsløre skjulte ledetråder".

PC-skjerm med Minecraft spill - Klikk for stort bilete

Tilbakemeldingane er gode også i år. Og i følgje rykta har årets kodetime gjort at nokre elevar faktisk har fått augene opp for kva koding er. Vi gleder oss til neste års opplegg!

Her er fleire bilete

Elev jobbar med koding på PC - Klikk for stort bilete